1Då Jeremia var ferdig med å tala til folket og hadde sagt dei alle dei ord frå Herren deira Gud som Herren hadde sendt han med, og som er attgjevne her,
2då sa Asarja, son til Hosjaja, og Johanan, son til Kareah, og alle dei andre skamlause mennene til Jeremia: «Det er lygn, det du seier! Herren vår Gud har ikkje sendt deg med det bodet at vi ikkje skal fara til Egypt og slå oss ned der.
3Det er Baruk Neriason som eggjar deg opp mot oss, så vi skal koma i hendene på kaldearane; og så kan dei drepa oss eller føra oss bort til Babylonia.»
4Korkje Johanan, son til Kareah, eller nokon av hærførarane eller nokon av folket ville lyda Herren, når han sa at dei skulle verta verande i Juda.
5Johanan, son til Kareah, og hærførarane tok med seg alle som var att i Juda, dei som var komne tilbake frå alle folkeslaga dei hadde vore bortdrivne til, og ville slå seg ned i Juda, Spådom om Nebukadnesars hærferd til Egypt
8I Takpanhes kom Herrens ord til Jeremia, og det lydde så:
9Ta nokre store steinar og grav dei ned i leira på plassen framfor inngangen til faraos hus i Takpanhes, medan nokre menn frå Juda ser på.
10Sei så til dei: Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Snart sender eg bod og hentar babylonarkongen Nebukadnesar, tenaren min. Han skal setja kongsstolen sin over desse steinane som du har grave ned, og slå opp tronhimmelen sin over dei.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.