Dommarane 11 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Jefta

1Jefta frå Gilead var ein djerv krigar. Han var son til ei skjøkje, og Gilead var far hans.

4Ei tid etter byrja ammonittane krig mot Israel.

14Endå ein gong sende Jefta bod til ammonittkongen

15med dei orda: Så seier Jefta: Israel har ikkje teke landet frå moabittane eller ammonittane.

18Då dei sidan heldt fram gjennom øydemarka, fór dei utanom Edom og Moab. Dei drog nordetter aust for Moab og leira seg på hi sida av Arnon. Dei kom ikkje inn på Moabs grunn, for Arnon er grensa mot Moab.

28Men ammonittkongen ville ikkje høyra på det sendemennene frå Jefta sa til han.

29Då kom Herrens Ande over Jefta, og han fór gjennom Gilead og Manasse og heilt til Mispa i Gilead; derifrå drog han ut mot ammonittane.

32Så drog Jefta ut og stridde mot ammonittane, og Herren gav dei i hans makt.

33Han slo dei og tok landet frå Aroer til bort imot Minnit, med tjue byar, og alt til Abel-Keramim. Det vart eit stort mannefall, og ammonittane laut bøya seg under israelittane.Dotter til Jefta

34Då Jefta kom heim att til Mispa, gjekk dotter hans ut imot han med handtrommer og dans. Ho var einaste barnet hans; utanom henne hadde han korkje son eller dotter. 1 Sam 18,6

35Med det same han fekk sjå henne, reiv han sund kleda sine og ropa: «Å, dotter mi, for ei sorg du valdar meg, for ei ulukke du fører meg i! Eg har gjeve Herren ein lovnad, og eg kan ikkje ta att ordet mitt.» 4 Mos 30,3; 5 Mos 23,21; Fork 5,3f

36Då sa ho til han: «Far, har du gjeve Herren ein lovnad, så gjer med meg som du har sagt, sidan Herren lét deg få hemn over ammonittane, uvenene dine.

37Men éin ting ville eg gjerne at du gav meg lov til,» sa ho til far sin. «Lat meg få vera fri i to månader, så eg kan gå ikring på fjella med veninnene mine og gråta over mitt unge liv, eg som lyt fara herifrå som møy.»

38«Gjer så!» sa faren, og lét henne vera borte i to månader. Så gjekk ho på fjella med veninnene sine og gret fordi ho laut døy så ung.

39Men då dei to månadene var lidne, kom ho heim att til far sin, og han gjorde med henne det som han hadde lova. Ho hadde aldri vore nær nokon mann. Sidan har det vore sed i Israel

40at unge jenter, fire dagar om året, går ut og syng klagesongar til minne om dotter til Jefta frå Gilead.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help