Salmane 15 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Kven kan gjesta Herrens hus?

1Ein Davids-salme.

Herre, kven kan gjesta ditt telt,

kven får bu på ditt heilage fjell?

2Den som gjer rett og er heil i si ferd

og ærleg i tanke og tale,

3som ikkje brukar si tunge til sladder,

ikkje gjer vondt mot sin neste

og ikkje vanærar sin frende,

4som ser med vanvørdnad på den som er vraka,

men ærar dei som ottast Herren,

som held den eiden han har svore,

jamvel om det skader han sjølv,

5som ikkje tek renter når han låner ut pengar,

og ikkje lèt seg kjøpa

til skade for ein skuldfri.

Den som lever så, skal aldri rikkast.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help