3. Johannes 1 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Helsing

1Den eldste helsar den kjære Gaius, som eg elskar hjarteleg. Diotrefes og Demetrius

9Eg har skrive nokre ord til kyrkjelyden. Men Diotrefes, som gjerne vil vera den fremste der, vil ikkje ha noko med oss å gjera.

10Når eg kjem, skal eg minna han om det han har gjort. For han fer med stygg baktale om oss. Men han nøyer seg ikkje med det. Sjølv nektar han å ta imot brørne, og når andre vil gjera det, hindrar han dei og støyter dei ut or kyrkjelyden.

11Kjære ven, ta ikkje det vonde til føredøme, men det gode! Den som gjer det gode, er av Gud. Den som gjer det vonde, har ikkje sett Gud.

12Om Demetrius har alle berre godt å seia, ja, sanninga sjølv vitnar for han. Det same gjer vi, og du veit at vårt vitnemål er sant.Sluttord

13Eg har enno mykje å seia deg, men vil ikkje gjera det i brev. 2 Joh 12

14For eg vonar å sjå deg snart, så vi kan tala saman.

15Fred vere med deg! Venene her helsar deg. Du må sjølv helsa venene, kvar einskild av dei.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help