1Paulus, etter Guds vilje Jesu Kristi apostel, helsar dei heilage i Efesos, dei som trur på Kristus Jesus.
4I Kristus har han valt oss ut før verda vart skapt,
så vi skulle vera heilage og lytelause for hans åsyn.
5I kjærleik og av eigen fri vilje
har han føreåt etla oss
til å få barnekår hjå seg ved Jesus Kristus,
6til lov og ære for hans herlegdom
og for den nåde han gav oss i sin kjære Son.
7I han har vi utløysinga
som vart vunnen ved hans blod,
forlating for syndene.
Så rik er hans nåde,
8som han i rikt mål har late oss få.
Han gav oss all visdom og alt skjøn,
9då han kunngjorde oss løyndomen om sin vilje,
den frie avgjerd han hadde teke
10om å fullføra sin frelsesplan når tida var inne:
å sameina alt i Kristus,
både det i himmelen og det på jorda.
11I han har vi fått arvelut,
vi som føreåt var etla til det
etter Guds forsett,
han som gjennomfører alle ting
etter sin plan og vilje.
12Så skulle vi vera til lov og ære for hans herlegdom,
vi som alt no har sett vår von til Kristus.
13I han kom de òg til tru
då de høyrde sanningsordet,
evangeliet om frelsa dykkar.
I han er de merkte med eit segl,
Den Heilage Ande som var lova,
14han som er pantet på arven vår
til dess utløysinga kjem for Guds folk,
til lov og ære for hans herlegdom.
Takk og bøn15Difor held eg ikkje opp med å takka Gud for dykk når eg kjem dykk i hug i bønene mine.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.