Salmane 129 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Hardt har dei stridt imot meg

1Ein song til festferdene.

Hardt har dei stridt imot meg heilt frå min ungdom

– så skal Israel seia.

2Hardt har dei stridt imot meg heilt frå min ungdom,

men dei har ikkje vunne over meg.

3På ryggen min har plogmenn pløgt

og drege lange fòrer.

4Men Herren er rettferdig,

reipa åt dei gudlause har han hogge av.

5Gjev alle som hatar Sion,

må dra seg tilbake med skam!

6Dei skal verta lik gras på taket,

som visnar før ein får teke det.

7Den som skjer det, får ikkje handa full;

den som samlar, får ikkje eit fang.

8Ingen som fer framom, skal seia:

«Herren signe dykk!»

Vi velsignar dykk i Herrens namn.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help