Salmane 74 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Stig opp til dei gamle ruinar!

1Ein læresalme av Asaf.

Gud, kvifor har du støytt oss bort for alltid?

Kvifor ryk din vreide mot den hjord du gjæter?

2Kom i hug det folk

du vann deg i gamal tid,

di eiga ætt som du fria ut.

Tenk på Sion-fjellet, der du har din bustad.

3Stig opp til dei gamle ruinar!

I heilagdomen har fienden øydelagt alt.

4I huset der folket ditt samlast,

lydde brølet frå dine motstandarar;

der sette dei sine faner som sigersteikn.

5Det var eit syn

som når ein lyfter øksar i tjukke skogen.

6Så slo dei sund all treskurden der

med bile og brekkjern.

7Dei sette eld på din heilagdom,

heilt til grunnen vanhelga dei

staden der ditt namn bur.

8Dei tenkte: «Vi gjer dei alle til trælar!»

Kvart gudshus i landet brende dei.

9Vi ser ikkje våre eigne faner.

Det finst ikkje lenger nokon profet,

og det finst ingen hjå oss som veit

kor lenge dette skal vara.

10Kor lenge, Gud, skal dei driva sin spott,

dei som står deg imot?

Skal fienden for alltid

få vanvørda ditt namn?

11Kvifor held du handa di att?

Ta di høgre hand frå barmen,

og gjer slutt på dette!

12Men du, Gud, er min konge frå gamal tid,

du som gjer frelsesverk på jorda.

13Du kløyvde havet i ditt velde

og krasa hovuda åt drakane i vatnet.

14Du slo sund hovuda åt Leviatan

og gav dei til føde for dyra i øydemarka.

15Kjelde og bekk lét du strøyma fram,

du turka ut elvar som alltid har vatn.

16Din er dagen, og di er natta;

du sette sol og måne på plass.

17Du fastsette alle grenser på jorda,

sommar og vinter er det du som har skapt.

18Herre, kom dette i hug

når fienden driv sin spott,

og eit folk av dårar vanvørder ditt namn.

19Gjev ikkje di turteldue til villdyr,

gløym aldri dine armingars liv!

20Kom i hug di pakt med oss!

For kvar avkrok i landet er full av valdsferd.

21Lat ikkje dei trælka gå bort med skam,

lat dei arme og fattige prisa ditt namn!

22Reis deg, Gud, og før di sak!

Kom i hug at du dagen lang vert spotta av dårar!

23Gløym ikkje ropet åt dine fiendar,

ståket som alltid stig opp

frå dei som står deg imot.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help