1Ein dag sa Elisja til mor åt den guten han hadde vekt til live: «Gjer deg ferdig, ta ut med huslyden din og gjev deg til ein annan stad, der det måtte høva. For Herren har kalla på hungersnauda. No kjem ho over landet og skal vara i sju år.»
3Då dei sju åra var lidne, kom kona heim att frå Filistarlandet. Ho gjekk til kongen og ville be om hjelp til å få att huset sitt og jorda si.
4Kongen tala nett då med Gehasi, som hadde vore tenar hjå gudsmannen, og bad han fortelja om dei store undera Elisja hadde gjort.
5Og medan han fortalde kongen korleis profeten hadde vekt opp den døde guten, kom mor til guten. Ho bad kongen om hjelp til å få att huset sitt og jorda si. Då sa Gehasi: «Herre konge, dette er kona, og her er son hennar, som Elisja vekte opp.»
6Kongen spurde kona ut, og ho fortalde. Så sende han ein av hoffmennene med henne og sa: «Syt for at ho får att alt det som høyrer henne til, og alt det som er hausta på jorda hennar frå den dagen ho fór frå landet, og til no.»
Elisja og Hasael i Damaskus7Ein gong kom Elisja til Damaskus medan Benhadad, aramearkongen, låg sjuk. Då kongen fekk melding om at gudsmannen var komen,
8sa han til Hasael: «Ta med deg ei gåve og gå og møt gudsmannen! Bed han spørja Herren om eg skal koma meg av denne sjukdomen!»
9Hasael gjekk til møtes med Elisja og hadde med seg ei gåve av det beste som fanst i Damaskus, så mykje som førti kamelar kunne bera.
Då han steig fram for profeten, sa han: «Son din, Benhadad, kongen i Aram, sender meg til deg og spør om han skal koma seg av denne sjukdomen.»
10Elisja svara: «Gå og sei til kongen at han skal koma seg. Men Herren har synt meg at han skal døy.»
11Gudsmannen stirte lenge på han. Så tok han til å gråta.
20I Jorams tid reiv Edom seg laus frå Juda og tok seg ein konge.
25I det tolvte året Joram, son til Akab, var konge i Israel, vart Akasja, son til Joram, konge i Juda. 9,29
26Akasja var tjueto år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i eitt år. Mor hans heitte Atalja og var dotter til Israels-kongen Omri.
27I si ferd var Akasja som kongane av Akabs ætt. Liksom dei gjorde han det som vondt var i Herrens augo; for han var knytt til Akabs-ætta ved giftarmål.
28Saman med Joram Akabsson gjorde Akasja ei hærferd mot aramearkongen Hasael og stridde mot han ved Ramot i Gilead. Men Joram vart såra av aramearane. 9,14ff
29Så fór kong Joram heim att til Jisre'el, han ville få lækt dei såra som aramearane hadde gjeve han ved Ramot då han stridde mot kong Hasael. Og Akasja Joramsson, Juda-kongen, drog ned til Jisre'el og ville sjå om Joram Akabsson, medan han låg sjuk.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.