1Å, kor Herren i sin vreide
har sveipt Sion i mørke skyer!
Han har kasta Israels prydnad
frå himmelen ned på jorda.
Sin fotskammel kom han ikkje i hug
på sin vreidedag.
2Utan miskunn har Herren øydt
alle Jakobs bustader.
I sin harme reiv han ned
kvar festning for folket i Juda.
Han jamna dei med jorda
og vanæra riket og stormennene.
3I brennande vreide hogg han av
kvart horn i Israel.
Då fienden gjekk på,
tok han til seg si høgre hand.
I Jakob kveikte han ein eld
som loga opp
og øydde rundt ikring.
4Som ein fiende spente han bogen
og lyfte si høgre hand.
Som ein motstandar drap han
alt det som huga vårt auga.
Over teltet åt Sions dotter
auste han ut sin harme som eld.
5Herren synte seg som ein fiende
og gjorde ende på Israel.
Han øydela alle borgene i landet
og jamna festningane med jorda.
Sorg og sut hopa han opp
over Judas dotter.
6Han herja si hytte som ein snøyer ein hage,
gjorde sin samlingsstad til inkje.
Herren lét folket på Sion gløyma både høgtid og sabbat.
I sin harme og vreide
har han vanæra konge og prest.
7Herren vraka sitt altar
og gav opp sin heilagdom.
Borgmurane i byen
gav han i fiendens hand.
Dei ropa høgt i Herrens hus
som på ein høgtidsdag.
8Herren sette seg føre
å øydeleggja muren for Sions dotter.
Han strekte mælesnora ut,
ville riva han ned
og tok ikkje handa til seg.
Han spreidde sorg over voll og mur,
og no har dei sige saman.
9Portane i byen er sokne i jorda,
bommane har han brote og knust.
Konge og stormenn er i framandt land,
det er inga rettleiing å få.
Profetane får ikkje lenger
syner frå Herren.
10Styresmennene på Sion
sit tagale på jorda.
Dei strøyer mold på hovudet
og bind syrgjeplagg om livet.
Dei unge jentene i Jerusalem
bøyer hovudet mot jorda.
11Augo mine forgår av gråt,
det gjærer i min barm.
Eg har mist både mot og kraft,
fordi mitt folk er knust,
for både born og spedborn
sig om på gatene i byen.
12Dei ropar til mødrene sine:
«Kvar får vi brød og vin?»
Dei sig om som såra
på gatene i byen
og dreg sitt siste andedrag
på mors fang.
13Korleis skal eg tala til deg,
kva skal eg likna deg med, du Jerusalems dotter?
Kva slag samanlikning skal eg bruka
til å trøysta deg, Sion, du unge møy?
For stor som havet er din skade,
kven kan lækja deg?
14Lygn og svik var synene
som profetane dine forkynte deg.
Dei synte deg ikkje di skuld,
så dei kunne venda din lagnad.
Nei, tome, vill-leiande spådomsord
fekk dei om deg i synene sine.
15Alle som fer framom på vegen,
slår hendene i hop når dei ser deg.
Dei spottar Jerusalems dotter
og rister på hovudet åt henne:
«Er dette den byen dei kalla
den fullkomne venleik,
ei glede for all verda?»
16Alle dine fiendar
spilar opp gapet mot deg.
Dei pip, skjer tenner og seier:
«Vi har gjort ende på henne.
Ja, dette er dagen vi venta på;
vi fekk då leva og sjå han.»
17Herren har gjort det han tenkte,
han har oppfylt det ordet
som han forkynte for lenge sidan.
Utan miskunn reiv han ned.
Han lét fienden moroa seg over deg
og lyfte hornet åt dine motstandarar.
18Rop av hjarta til Herren,
klag di naud, du Sions dotter!
Lat tårene renna som bekker
dag og natt!
Unn deg ikkje kvile,
lat ikkje auga få ro!
19Stå opp, rop høgt om natta,
når nattevaktene tek til.
Lat det koma fram for Herren,
det som fyller ditt hjarta.
Lyft dine hender til han
og bed om livet for dine småborn,
som utmødde av svolt sig saman på alle gatehjørne.
20Sjå, Herre, og legg merke til
kven du fer så ille med.
Skal kvinner eta sine born,
dei små som dei ber på armen?
Skal prest og profet lata livet
i Herrens heilagdom?
21Unge og gamle ligg på jorda,
midt i gatene.
Mine unge jenter og gutar
har falle for sverd.
Du drap dei på din vreidedag,
då du slakta utan miskunn.
22Som du samlar folket på ein festdag,
så sende du redsler mot meg.
Ingen slapp unna og berga seg
på Herrens vreidedag.
Borna som eg hadde bore og fostra,
dei gjorde fienden ende på.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.