2. Krønikebok 35 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Folket held påskehøgtid

1Så heldt Josjia påske for Herren i Jerusalem. Den fjortande dagen i den fyrste månaden slakta dei påskelammet.

23Der skaut bogeskyttarane på kong Josjia, og han sa til mennene sine: «Før meg bort! Eg er hardt såra.» 18,33

24Så lyfte mennene han ned frå stridsvogna og sette han over i ei anna vogn som han hadde med seg. Dei køyrde han til Jerusalem, og der døydde han. Han vart gravlagd der fedrane hans låg, og heile Juda og Jerusalem syrgde over Josjia.

25Jeremia kvad ein klagesong over han. Og alle songarane og songarinnene tala om Josjia i klagesongane sine, og det har dei gjort til denne dag. Det vart fast skikk i Israel å syngja desse songane, og dei finst oppskrivne mellom klagesongane.

26Det som elles er å seia om Josjia og dei gode gjerningane han gjorde, i samsvar med det som står skrive i Herrens lov,

27alt som er å seia om han, frå fyrst til sist, det står skrive i boka om Israels- og Juda-kongane.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help