Sakarja 9 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Guds ord har makt

1Eit domsord.

Herrens ord er i Hadrak-landet,

og i Damaskus slår det seg ned,

– for menneska vender augo mot Herren

liksom alle Israels ætter –

2ja, i Hamat òg som grensar til det,

og i Tyrus og Sidon, der dei er så vise.

3Tyrus bygde seg festningsverk,

hauga opp sølv som mold

og reint gull som avfall i gata.

4Sjå, Herren vil ta byen

og styrta festningsverka i havet;

byen skal øydast i eld.

5Asjkalon skal sjå det og ottast,

Gasa skal skjelva i angst,

like eins Ekron,

fordi hennar von har vorte til skammar.

Gasa skal missa sin konge

og Asjkalon sine innbyggjarar,

6i Asjdod skal det bu eit blandingsfolk.

Eg vil gjera ende på høgmodet åt filistarane;

7eg vil ta blodet or munnen deira

og styggedomen bort frå tennene deira.

Men dei som vert att,

skal høyra vår Gud til

og vera som hovdingar i Juda;

Ekron skal vera som jebusittane.

8Eg vil slå vakt om huset mitt

til vern mot dei som kjem og går.

Aldri meir skal nokon valdsherre

fara fram imot dei.

For no har eg sett det med eigne augo. Fredskongen på Sion

9Gled deg storleg, Sions dotter,

set i og jubla, Jerusalem!

Sjå, kongen din kjem til deg.

Rettferdig er han, og siger har han fått;

audmjuk rid han på eit esel,

på den unge eselfolen.

10Eg vil rydja ut vognene i Efraim

og hestane i Jerusalem,

og stridsbogen skal brytast sund.

Han skal skapa fred for folka,

hans velde skal nå frå hav til hav,

frå Eufrat til heimsens endar. Herren skal strida for folket sitt

11Ja, for ditt paktblod skuld

vil eg fria dine fangar ut or brunnen

som det ikkje finst vatn i.

12«Vend heim til borga,

de fangar som har von!»

I dag forkynner eg:

«Eg vil gje deg dobbelt att.»

13For eg spenner Juda som ein boge

og legg Efraim på som pil.

Eg eggjar dine søner, Sion,

mot dine søner, Javan,

og eg gjer deg lik sverdet åt ein krigar.

14Herren skal openberra seg over dei,

hans pil fara ut som eit lyn.

Herren Gud skal la hornet gjalla

og fara fram i storm frå sør.

15Herren, Allhærs Gud, skal verna dei.

Dei skal eta,

og dei skal trakka på slyngjesteinar,

dei skal drikka og bråka

som om dei var drukne av vin;

både offerskåler og altarhjørne skal fyllast.

16Den dagen skal Herren deira Gud

berga folket sitt som ein saueflokk.

Som steinar i eit diadem

skal dei glitra i landet hans.

17Ja, kor godt og fagert det er!

Kornet får gutane til å trivast

og vinen jentene til å bløma.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help