1Sidan vann David over filistarane og tvinga dei under seg. Han tok frå dei Gat og småbyane som låg ikring.
4David tok frå han tusen vogner, sju tusen hestfolk og tjue tusen fotfolk. Han skar av hasane på alle vognhestane og sparte ikkje meir enn hundre av dei.
5Aramearane i Damaskus kom og ville hjelpa Hadadeser, kongen i Soba. Men David felte tjueto tusen av dei.
6David la vaktmannskap i Damaskus-riket. Aramearane laut gje seg under han og svara skatt. Såleis hjelpte Herren David kvar helst han fór fram.
7David tok dei gullskjolda som mennene til Hadadeser hadde bore, og førte dei til Jerusalem.
8Og frå Tibhat og Kun, to byar som høyrde Hadadeser til, tok han ei stor mengd med bronse. Av den laga Salomo bronsehavet, søylene og bronsekara.
9Då To'u, kongen i Hamat, fekk høyra at David hadde vunne over heile hæren til Hadadeser, kongen i Soba,
10sende han Hadoram, son sin, til kong David. Han skulle helsa på han og ynskja han til lukke fordi han hadde vunne i striden mot Hadadeser. For Hadadeser hadde støtt lege i ufred med To'u. Hadoram hadde med seg gåver av gull, sølv og bronse.
11Dei òg vigsla kong David til Herren saman med det sølvet og gullet han hadde teke frå alle dei andre folka, frå edomittane, moabittane, ammonittane, filistarane og amalekittane.
12Det var Absjai, son til Seruja, som slo edomittane i Saltdalen, atten tusen mann.
13Så la David vaktmannskap i Edom, og alle edomittane gav seg under han. Såleis hjelpte Herren David kvar helst han fór fram.
14Så rådde no David over heile Israel. Og han gjorde rett og rettferd mot heile folket sitt.
15Joab, son til Seruja, var hærførar, og Josjafat, son til Akilud, var kanslar. 2 Sam 8,16–18
16Sadok, son til Akitub, og Akimelek, son til Abjatar, var prestar og Sjavsja riksskrivar.
17Benaja, son til Jojada, var hovding over livvakta, og sønene til David var dei fremste hjå kongen.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.