2. Samuelsbok 15 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Absalom gjer opprør

1Då det leid av ei tid, fekk Absalom seg vogn og hestar og ein flokk på femti mann som sprang føre han. David rømer frå Jerusalem

13Det kom ein mann med bod til David og sa: «Kvar mann i Israel har vendt hugen sin til Absalom.»

14Då sa David til alle dei mennene han hadde hjå seg i Jerusalem: «Kom, lat oss røma! På annan måte kan vi ikkje berga oss for Absalom. Skunda dykk av stad! Elles skundar han seg og når oss att. Så fører han ulukke over oss og drep folket i byen med sverd.»

17Heile hæren fylgde kongen då han drog ut. Dei stogga ved det siste huset.

18Alle kongsmennene stod attmed han medan livvakta og alle dei seks hundre mennene som hadde fylgt han frå Gat, gjekk framom.

19Då sa kongen til Ittai frå Gat: «Kvifor går du òg med oss? Far attende og ver hjå den nye kongen! For du er framand her og endåtil bortført frå heimstaden din.

20Du kom i går, og så skulle eg alt i dag la deg flakka ikring saman med oss? Eg veit ikkje eingong kvar eg skal gjera av meg. Snu om, og ta landsmennene dine med deg attende. Gjev Herren må vera god og trufast mot dykk!»

21Men Ittai svara: «Så sant Herren lever, og så sant du lever, herre konge: Der du er, herre konge, der vil eg òg vera, anten det ber til liv eller død.»

29Då førte Sadok og Abjatar Guds paktkiste attende til Jerusalem, og der vart dei verande.

30Men David gjekk gråtande oppetter Oljeberget; han hadde drege kappa for andletet og var berrføtt. Alle som var med han, hadde sveipt til hovudet og gjekk gråtande oppetter.

31David fekk høyra at Akitofel var mellom dei som hadde svore seg saman med Absalom, og han bad: «Herre, gjer Akitofels planar til inkjes!»

32Då David kom opp på berget der ein plar tilbe Gud, kom Husjai av Arak-ætta imot han med sundriven kappe og mold på hovudet.

33David sa til han: «Fer du saman med meg, vert du berre til bry for meg.

34Men går du attende til byen, kan du gjera Akitofels planar til inkjes for meg. Sei til Absalom: Eg vil vera din tenar, konge! Før har eg tent far din, no vil eg tena deg.

35Der har du prestane Sadok og Abjatar med deg. Alt du får høyra frå kongsgarden, skal du seia frå om til dei.

36Begge sønene deira, Akima'as, son til Sadok, og Jonatan, son til Abjatar, er der saman med dei. Med dei skal de senda bod til meg om alt de får høyra.»

37Så kom Husjai, Davids ven, til Jerusalem på same tid som Absalom drog inn i byen.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help