Amos 3 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Utveljing og ansvar

1Høyr dette ordet

som Herren har tala

mot dykk, de Israels søner,

mot heile den ætta

som eg førte opp frå Egyptarlandet:

2Berre dykk ville eg kjennast ved

mellom alle folk på jorda.

Difor krev eg dykk til rekneskap

for alle syndene dykkar. Kallet tvingar

3Går vel to i lag

når dei ikkje har vorte samde om det?

4Brøler løva i skogen

når ho ikkje har funne rov?

Brummar ungløva i hola si

når ho ikkje har fanga noko?

5Fell ein fugl i ei snare på marka

når ingen har sett ei snare for han?

Sprett ei felle opp frå marka

utan at ho har fanga noko?

6Gjallar vel hornet i ein by

utan at folket skjelv av redsle?

Eller hender det ei ulukke i byen

utan at Herren har gjort det?

7For Herren Gud gjer ikkje noko

utan at han har openberra sitt råd

for tenarane sine, profetane.

8Når løva brøler,

kven må ikkje reddast då?

Når Herren Gud har tala,

kven må ikkje då tala profetord? Domen over Samaria

9Rop ut over borgene i Asjdod,

over slotta i Egypt, og sei:

Kom saman på Samaria-fjella!

Sjå redsla og rådløysa i byen

og den valdsferd som der rår!

10Dei har ikkje vit til å gjera det rette,

lyder ordet frå Herren,

dei dyngjer opp vald og ran i sine slott.

11Difor seier Herren Gud:

Fiendar skal kringsetja landet,

di sterke festning skal rivast ned,

og borgene skal plyndrast.

12Så seier Herren:

Som når ein gjætar

bergar ut or løvegapet

to leggbein eller ein øyrelapp,

så skal israelittane verta berga,

dei som sit i sofakroken i Samaria

og på divanar i Damaskus.

Straffa kjem over hus og heilagdom

13Høyr og vitna mot Jakobs ætt!

lyder ordet frå Herren Gud, Allhærs Gud.

14Den dagen eg krev Israel til rekneskap

for syndene deira,

lèt eg straffa koma over altara i Betel.

Då vert altarhorna avhogne

og fell til jorda.

15Då knuser eg

både vinterhus og sommarhus.

Elfenbeinshusa vert øydelagde,

og mange bygningar sig i røys,

lyder ordet frå Herren.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help