Ordtaka 8 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Visdomen kallar

1Høyr, korleis visdomsmøya ropar,

og vitet lyfter si røyst!

2Ho står på bakketoppane ved vegen,

nett der stigane møtest.

3Attmed portane som fører inn i byen,

attmed inngangen til portane ropar ho høgt:

4Eg ropar til dykk, godt folk,

til menneska lyder mi røyst.

5Lær dykk klokskap, de urøynde,

få vit, de dårar!

6Høyr! Viktige ting vil eg tala om,

frå munnen min kjem rettvise ord.

7Mi tunge talar sanning,

og lippene styggjest ved det som er vondt.

8Kvart ord frå min munn er rett,

det er ingenting vondt eller vrangt i dei.

9Dei er endeframme for den vituge,

lette å skjøna for den som har kunnskap.

10Ta imot mi åtvaring heller enn sølv,

den kunnskap eg gjev, framfor utvalt gull.

11For visdom er betre enn perler,

av alle skattar er ingen som den. Visdoms frukt

12Eg, visdomen, har klokskap til granne,

eg har kunnskap og gjev gode råd.

13Age for Herren er å hata det vonde.

Eg hatar hovmod og storlæte,

stygg åtferd og svikefull tale.

14Eg gjev råd og hjelp som fører til framgang,

eg har vit og styrke.

15Ved meg kan kongar råda

og fyrstar fastsetja kva som er rett.

16Ved meg kan stormenn styra

og alle hovdingar døma rettferdig.

17Eg elskar dei som elskar meg,

og dei som leitar etter meg, finn meg.

18Hjå meg er rikdom og ære,

gamalt arvegods og rettkomen vinning.

19Mi frukt er betre enn det finaste gull,

mi vinning betre enn utvalt sølv.

20Eg går på rettferds veg,

held meg midt på dei rette stigar.

21Så gjev eg rikdom til dei som elskar meg,

og fyller deira forrådsrom.

Opphavet til visdom

22Herren skapte meg fyrst av alt,

eg var hans fyrste verk i fordoms tid.

23I opphavet vart eg forma,

i fyrstninga, før jorda vart til.

24Før havdjupet var der, vart eg fødd,

før kjeldene fyltest med vatn.

25Før fjella vart sette på plass,

før alle haugar vart eg fødd,

26før Herren hadde skapt jord og marker

og den fyrste mold på jorda.

27Eg var der då han reiste himmelen

og spente kvelven over djupet,

28då han samla skyene der oppe

og lét kjeldene i havdjupet strøyma sterkt.

29Då han sette grense for havet,

så vatnet stansa der han baud,

og han la grunnvoll under jorda,

30då var eg bygningsmann hjå han.

Eg var til glede for han dag etter dag

og leika meg støtt for hans åsyn.

31Eg leika på heile hans vide jord

og hadde min hugnad i menneskeborna.

32Så høyr no på meg, mine born!

Sæle er dei som fylgjer mine vegar.

33Høyr på mi formaning,

og slå ikkje vrak på den!

Så vert de vise.

34Sæl er den som høyrer på meg,

som dagleg vaker ved mine dører

og held vakt ved mine portar.

35For den som finn meg, finn livet

og får nåde hjå Herren.

36Men den som ikkje finn meg, skader seg sjølv;

alle som hatar meg, elskar døden.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help