Johannes 19 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Pilatus tok no Jesus og lét dei piska han.

2Soldatane fletta ei klungerkrone og sette på hovudet hans og hadde på han ei purpurkåpe.

8Då Pilatus høyrde det, vart han endå reddare.

9Han gjekk inn att i borga og sa til Jesus: «Kvar er du ifrå?» Men Jesus gav han ikkje noko svar.

10«Svarar du meg ikkje?» sa Pilatus. «Veit du ikkje at eg har makt til å gje deg fri og makt til å krossfesta deg?»

11Jesus svara: «Du hadde inga makt over meg om du ikkje hadde fått henne ovanfrå. Difor har han større skuld, han som gav meg over til deg.»

Dei skifte kleda mine mellom seg

og kasta lodd om kjortelen min.

Dette gjorde soldatane.

25Attmed Jesu kross stod mor hans og morsyster hans, Maria som var gift med Klopas, og Maria Magdalena.

Ikkje eit bein skal brytast på han.

37Og eit anna skriftord seier:

Dei skal sjå på han som dei har gjennomstunge.

Jesus vert gravlagd(Matt 27,57–61; Mark 15,42–47; Luk 23,50–56)

38Josef frå Arimatea bad no Pilatus om lov til å ta ned Jesu lekam. Josef var ein av læresveinane til Jesus, men i løynd, av di han var redd jødane. Pilatus gav han lov til det, og han kom og tok ned lekamen. 3,1f; 7,50

40Då tok dei Jesu lekam og sveipte han i linklede med den angande salven, som skikken var hjå jødane når nokon skulle gravleggjast.

41På den staden Jesus vart krossfest, var det ein hage, og i hagen ei ny grav, som ingen endå var lagd i.

42Der la dei Jesus, fordi det var helgaftan hjå jødane og grava låg så nær.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help