1Salomo var konge over heile Israel.
2Dette var dei øvste embetsmennene hans: Asarja, son til Sadok, var prest;
7Salomo sette tolv futar over heile Israel. Dei skulle syta for mat og drikke til kongen og hoffet hans. Kvar sin månad i året skulle dei syta for det.
8Dette er namna deira: son til Hur, i Efraims-fjellet;
9son til Deker, i Makas, Sja'albim, Bet-Sjemesj, Elon og Bet-Hanan;
10son til Hesed, i Arubbot – han hadde Soko og heile Hefer-bygda;
11son til Abinadab hadde heile Dor-høglandet – han var gift med Tafat, dotter til Salomo;
12Ba'ana, son til Akilud, hadde Ta'anak, Megiddo og heile Bet-Sjean, som ligg ved Saretan, nedanfor Jisre'el, frå Bet-Sjean til Abel-Mehola og bortom Jokmeam;
13son til Geber i Ramot i Gilead – han hadde teltbyane åt Ja'ir, son til Manasse, i Gilead, og Argob-bygda i Basan, seksti store byar med murar og bronsebommar;
14Akinadab, son til Iddo, hadde Mahanajim;
15Akima'as hadde Naftali – han òg var gift med ei av døtrene til Salomo, Basmat;
16Ba'ana, son til Husjai, i Asjer og Alot;
17Josjafat, son til Paruak, i Jissakar;
18Sjimi, son til Ela, i Benjamin;
19Geber, son til Uri, i Gilead, det landet som amorittkongen Sihon og Basan-kongen Og hadde hatt; dessutan var det ein fut i Juda.
Salomos makt og visdom20Folket i Juda og Israel var tallaust som sanden på havsens strand. Dei åt og drakk og var glade.
22Til hushaldet hjå Salomo gjekk det kvar dag med tretti kor kveitemjøl og seksti kor anna mjøl,
23ti gjødde oksar, tjue oksar som hadde gått på beite, og hundre sauer, forutan hjortar, gasellar, dådyr og gjødde gjæser.
24Han rådde over alt land vestanfor Eufrat, frå Tifsah til Gasa, over alle kongane vestanfor Eufrat, og hadde fred på alle kantar.
27Dei tolv futane sytte kvar sin månad for mat og drikke til kong Salomo og alle som gjekk til hans bord; og dei lét det ikkje skorta på noko.
28Bygget og halmen til hestane og arbeidsdyra førte dei dit det skulle vera, kvar etter som han var føresagd.
29Gud gav Salomo visdom, stort skjøn og eit vit som femnde vidt, liksom sanden på havsens strand.
30Salomo hadde større visdom enn alle austmennene og egyptarane.
31Han var visare enn alle menneske, visare enn Etan av Esrah-ætta og Mahol-sønene Heman, Kalkol og Darda. Namnet hans var kjent mellom alle folkeslaga rundt ikring.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.