Rut 3 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Rut og Boas på treskjevollen

1No'omi, vermor hennar Rut, sa til henne: «Eg vil sjå til å finna deg ein heim, dotter mi, så du kan få det godt.

2Høyr no, du kjenner Boas, husbonden åt dei jentene du var saman med, og veit at han er i slekt med oss. I natt kastar han bygg på treskjevollen.

3Du skal vaska deg og salva deg, og så skal du kle deg og gå ned til treskjevollen; men lat ikkje mannen få sjå deg før han er ferdig med å eta og drikka.

4Når han legg seg til å sova, skal du merka deg staden der han legg seg. Gå så bort og lyft på teppet og legg deg nedmed føtene hans; så vil han sjølv seia deg kva du skal gjera!»

5Rut svara: «Eg skal gjera alt det du seier.»

6Så gjekk ho ned til treskjevollen og gjorde i alle måtar så som vermora hadde sagt.

7Då Boas hadde ete og drukke og var komen i godlag, gjekk han og la seg attmed kornhaugen. Då kom ho stilt, lyfte på teppet og la seg nedmed føtene hans.

8Midnattstider kvakk mannen til. Han bøygde seg framover, og så fekk han sjå at det låg ei kvinne nedmed føtene hans.

9«Kven er du?» spurde han. «Eg er Rut, tenestkvinna di,» svara ho. «Brei kappa di over meg, for du er løysingsmann.» Esek 16,8

10Då sa han: «Herren velsigne deg, dotter mi! Du har vist endå større truskap no enn før, sidan du ikkje har gått etter dei unge mennene, korkje dei fattige eller dei rike.

11Så ver ikkje redd, dotter mi! Alt det du seier, vil eg gjera for deg; for alt folket her på staden veit at du er ei bra kvinne.

12Det er sant at eg er løysingsmann; men det finst ein annan løysingsmann som er nærare enn eg. 2,20

13Ver her i natt! Og vil han løysa deg i morgon, så lat han det! Men har han ikkje hug til å løysa deg, skal eg gjera det, så sant Herren lever! Ligg berre her til morgons!»

14Så vart ho liggjande nedmed føtene hans til morgons, men stod opp før det vart så ljost at folk kunne kjenna kvarandre. Han tenkte: «Det må ikkje spørjast at kvinna kom hit til treskjevollen.»

15Sidan sa han: «Kom hit med den kappa du har på deg, og hald henne fram!» Så heldt ho kappa fram, og han mælte opp seks mål bygg og la det på henne. Dermed gjekk han inn i byen.

16Då Rut kom heim til vermor si, spurde ho: «Korleis gjekk det med deg, dotter mi?» Så fortalde ho alt det mannen hadde gjort mot henne,

17og la til: «Han gav meg desse seks måla med bygg og sa: Du skal ikkje koma tomhendt heim til vermor di!»

18Då sa No'omi: «Hald deg no i ro, dotter mi, til du får sjå korleis det går med dette! For den mannen gjev seg ikkje før han får saka ordna, og det i denne dag.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help