Jeremia 23 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Herren set inn nye hyrdingar

1Ve dei hyrdingane som øydelegg og spreier den flokken eg har på beite, lyder ordet frå Herren. Den rettferdige renningen

5Sjå, dagar skal koma, lyder ordet frå Herren,

då eg lèt ein rettferdig renning

veksa fram i Davids-ætta.

Han skal vera konge og styra med visdom

og gjera rett og rettferd i landet.

6I hans dagar skal Juda verta frelst

og Israel bu trygt.

Og dette er namnet han skal få:

Herren, vår rettferd.

7Difor skal dagar koma, lyder ordet frå Herren, då dei ikkje lenger skal seia: «Så sant Herren lever, han som førte israelittane opp frå Egypt»,

Mitt hjarta er knust i min barm,

alle mine lemer skjelv.

Eg er som ein drukken mann,

ein som vinen har maktstole.

Det kjem frå Herren, frå hans heilage ord.

10Landet er fullt av ekteskapsbrytarar

og sturer fordi det er forbanna;

beita i øydemarka turkar bort.

Folk spring etter det som vondt er,

og har sin styrke i urett.

11Både prest og profet er gudlause;

jamvel i mitt eige hus

har eg møtt deira vondskap,

lyder ordet frå Herren.

12Difor skal vegen deira

verta glatt og sleip for dei.

Dei glid i mørkret og dett.

For eg fører ulukke over dei

det året eg krev dei til rekneskap,

lyder ordet frå Herren.

13Hjå profetane i Samaria

såg eg usømelege ting.

Dei tala profetord ved Ba'al

og førte Israel, folket mitt, vilt.

14Hjå profetane i Jerusalem

har eg sett gruelege ting.

Dei bryt ekteskapet og fer med lygn,

dei stør og styrkjer ugjerningsmenn,

så ingen vender om frå sin vondskap.

For meg har dei alle vorte som Sodoma,

folket i byen er som Gomorra.

15Difor seier Herren, Allhærs Gud,

om desse profetane:

Eg gjev dei malurt å eta

og giftig vatn å drikka.

For frå profetane i Jerusalem

har gudløysa nått ut over heile landet.

16Så seier Herren, Allhærs Gud:

Høyr ikkje på det dei seier,

profetane som spår for dykk!

Dei berre narrar dykk.

Frå deira eige hjarta

og ikkje frå Herrens munn

kjem dei syner dei ber fram.

17Til dei som vanvørder Herrens ord,

seier dei: «Det skal gå dykk vel,»

og til alle som fylgjer sitt harde hjarta:

«Inga ulukke skal koma over dykk.»

18Kven har vore med i Herrens råd,

så han merka og høyrde hans ord?

Kven akta på hans ord og lydde det?

19No bryt harmen ut som eit Herrens ver,

ein kvervelstorm fer av stad

og kvervlar mot hovuda på dei gudlause.

20Herrens vreide legg seg ikkje

før han har sett i verk og fullført

det han hadde tenkt å gjera.

Til sist, i dagar som kjem,

skal de skjøna dette heilt.

21Eg har ikkje sendt profetane,

og likevel spring dei av stad;

eg har ikkje tala til dei,

og likevel stig dei fram som profetar.

22Men hadde dei vore med i mitt råd,

då hadde dei forkynt mine ord for mitt folk

og fått det til å venda om

frå si vonde ferd og sine vonde gjerningar.

23Er eg ein gud som berre er nær, seier Herren,

og ikkje ein gud langt borte?

24Kan nokon gøyma seg på løynlege stader

så eg ikkje ser han? seier Herren.

Fyller ikkje eg både himmel og jord?

lyder ordet frå Herren.

25Eg har høyrt kva dei seier, dei profetane som spår lygn i mitt namn. «Eg har drøymt, eg har drøymt,» seier dei.

26Kor lenge skal dei tenkja så, desse profetane som spår lygn og forkynner sine svikefulle påfunn?

27Med draumane som dei fortel kvarandre, tenkjer dei å få folket mitt til å gløyma meg, liksom fedrane deira gløymde mitt namn og dyrka Ba'al.

28Den profeten som har ein draum, han får fortelja draumen; men den som har mitt ord, han skal tala mitt ord i sanning.

Kva har halmen sams med kornet?

lyder ordet frå Herren.

29Mitt ord, er ikkje det som ein eld,

lik ei sleggje som knuser fjell? seier Herren.

30Difor vender eg meg mot profetane, seier Herren, dei som stel orda mine frå kvarandre.

31Sjå, eg vender meg mot profetane, seier Herren, dei som ber fram profetord berre dei får tunga på glid.

34Om presten, profeten eller nokon av folket seier «Herrens domsord», då krev eg mannen og ætta hans til rekneskap.

35Nei, så skal de seia til kvarandre når de talar saman om dette: «Kva svarar Herren?» eller «Kva seier Herren?»

36Men «Herrens domsord» skal de aldri nemna meir. Når nokon seier det, vert ordet ei bør for han sjølv. For då rengjer de ordet frå den levande Gud, Herren, Allhærs Gud, som er vår Gud.

37Så skal du seia til profeten: «Kva svarar Herren deg?» eller «Kva seier Herren?»

38Men brukar de ordlaget «Herrens domsord», då seier Herren: Fordi de brukar ordlaget «Herrens domsord», endå eg har sendt bod og sagt at de ikkje må tala såleis,

39sjå, difor lyfter eg dykk opp og kastar dykk frå meg, både dykk og den byen eg gav dykk og fedrane dykkar.

40Eg legg på dykk ei evig skam og ei evig vanære, som aldri skal gløymast.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help