1Høyr dette ordet som Herren talar til dykk, Israels ætt.
2Så seier Herren:
Ven dykk ikkje til å gjera som andre folk
og reddast ikkje teikn på himmelen,
endå om andre folk reddast dei.
3For skikkane åt folka er ingenting verde.
Dei høgg eit tre i skogen,
ein treskjerar lagar det til med øks,
4han pryder det med sølv og gull
og fester det med naglar og hamar,
så det står støtt.
5Gudebileta liknar
fugleskræmsla i ein agurkåker;
dei kan ikkje tala,
og dei må berast, for dei kan ikkje gå.
Ver ikkje redde dei!
Dei gjer ingen skade,
men kan heller ikkje gjera noko godt.
6Ingen er som du, Herre.
Stor er du,
stort og mektig er ditt namn.
7Kven må ikkje ottast deg,
som det sømer seg,
du konge over folkeslag.
For mellom alle vismenn hjå folka,
i alle rike er ingen som du.
8Alle saman er dumme som fe,
frå gagnlause tregudar har dei sin lærdom.
9Platesølvet er kome frå Tarsis
og gullet frå Ufas.
Det er eit verk av treskjerar og gullsmed,
kledt i purpur, fiolett og raudt;
alt er laga av kunstnarar.
10Men Herren, han er i sanning Gud,
ein levande Gud og ein evig konge.
Jorda skjelv for hans harme,
folka kan ikkje halda ut hans vreide.
11Så skal de seia til dei:
«Dei gudar som ikkje skapte himmel og jord,
skal kverva frå jorda
og ikkje finnast under himmelen.»
12Herren skapte jorda med si kraft,
han grunnla fastlandet i visdom
og spente ut himmelen med skjøn.
13Når han tornar, brusar vatnet i himmelen,
han lèt skodd stiga opp frå enden av jorda,
han lèt lyna blinka og regnet falla
og sender vinden frå hans opplagsrom.
14Alle menneske er dumme og uvituge.
Kvar gullsmed må skjemmast av sine gudebilete,
dei støypte bileta hans er lygn,
det er ikkje ånd i dei.
15Gagnlause er dei, eit verk til å spotta,
i rekneskapsstunda er det ute med dei.
16Såleis er ikkje han som er Jakobs del,
for det er han som skaper alt.
Israel er hans eiga ætt.
Herren, Allhærs Gud, er hans namn. Teltet mitt er herja
17Pakk sekken, far ut or landet,
du som bur i ein kringsett by!
18For så seier Herren:
Denne gongen slengjer eg bort
dei som bur i landet;
eg fører dei ut i trengsle,
så dei skal finna meg.
19Ve meg, for eit slag!
Ulækjande er mitt sår.
Dette er berre ei liding
som eg må tola, tenkte eg.
20Teltet mitt er herja,
og alle teltsnorer avslitne.
Borna mine har fare frå meg, dei er borte;
det er ikkje lenger nokon
som set opp teltet mitt
og spenner ut teltdukane.
21For gjætarane er dumme som fe,
dei søkjer ikkje Herren.
Difor har dei ikkje lukka med seg,
og heile flokken deira er spreidd.
22Høyr, det kjem ei melding
og eit kraftig drøn frå landet i nord.
Byane i Juda skal gjerast til ei audn,
ein tilhaldsstad for sjakalar. Profetens bøn
23Herre, eg veit at mennesket
ikkje sjølv rår for sin veg,
og at ferdamannen ikkje sjølv
kan styra sine steg.
24Tukta meg, Herre, men med måte,
ikkje i vreide, så du gjer meg til inkjes.
25Renn harmen din ut over folkeslag
som ikkje kjenner deg,
over ætter som ikkje kallar på deg.
For dei har ete opp Jakob,
ete han opp og gjort ende på han
og lagt hans bustad i øyde.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.