Job 36 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Korleis går det dei fromme og dei gudlause?

1Elihu heldt fram og sa:

2Ha tol med meg ei lita stund,

så skal eg læra deg noko;

for eg har endå meir å seia om Gud.

3Langt bortanfrå vil eg henta min kunnskap

og syna at min skapar har rett.

4Det er sanneleg ikkje lygn, det eg seier;

det er ein kunnskapsrik mann du har for deg.

5Sjå, Gud er sterk og mektig,

men han vrakar ikkje dei fromme.

6Dei gudlause held han ikkje i live,

men han lèt dei hjelpelause få sin rett.

7Han tek ikkje augo frå dei rettferdige,

men lèt dei for alltid sitja med ære

saman med kongar på sine troner.

8Vert dei bundne med lekkjer

og fanga i tynande snarer,

9så er det fordi han vil minna dei

om all den synd dei har gjort i sitt hovmod.

10Han opnar øyra deira for åtvaring

og byd dei venda om frå det vonde.

11Om dei då høyrer og tener han,

får dei leva i lukke alle sine dagar,

i herlegdom og glede alle sine år.

12Men vil dei ikkje høyra,

skal dei gjennomborast av spyd

og missa livet i si vitløyse.

13Støtt er dei gudlause harme

og ropar ikkje til Gud om hjelp

når han har bunde dei.

14Dei døyr i sin ungdom og endar sitt liv

lik menn som driv tempelutukt.

15Han bergar armingar i deira naud,

gjennom trengsle opnar han deira øyra.

16Deg vil han òg leia ut or trengsle,

til open mark der ingenting tyngjer.

Bordet ditt skal vera fullt av feite retter.

17Du skal fullføra domen over vonde menn,

lov og rett skal råka dei.

18Lat ikkje vreiden lokka deg til spott

eller store løysepengar føra deg på avveg!

19Kan ditt skrik fria deg ut or trengsle

om du så brukar all di makt?

20Du skal ikkje lengta etter den natta

då folkeslag vert rykte opp frå sin stad.

21Akta deg og vend deg ikkje til vondskap,

så du heller vil gjera vondt enn lida.

Guds makt i naturen

22Sjå, Gud er opphøgd i sitt velde.

Kven er ein lærar som han?

23Kven fastset den vegen han skal fylgja?

Kven kan seia at han gjer urett?

24Kom i hug at du skal prisa hans gjerningar,

som menneska syng om.

25Alle menneske ser dei med glede,

endå dei berre skimtar dei langt borte.

26Sjå, Gud er høg, vi skjønar han ikkje,

ingen kan granska hans tallause år.

27Han dreg vassdropar opp til seg

og lèt regnet strøyma frå himmelhavet.

28Det renn og dryp frå skyene

ned over mange menneske.

29Kan nokon skjøna korleis skyene driv,

og korleis det dyn under hans telt?

30Sjå, han breier ljos ikring seg.

Han gøymer havsens djup.

31Med regnet kan han straffa folk,

og med det kan han gje dei mat i mengd.

32Han sveiper hendene i ljos

og lèt lynet fara mot sitt mål.

33Tora fortel at han er i kjømda,

jamvel feet varslar at han dreg fram.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help