1Den åttande dagen kalla Moses til seg Aron og sønene hans og dei eldste i Israel,
2og han sa til Aron: «Ta ein oksekalv til syndoffer og ein ver til brennoffer, begge utan lyte, og lei dei fram for Herrens åsyn!
3Og sei til israelittane: Ta ein bukk til syndoffer, ein kalv og eit lam, som begge er årsgamle og lytelause, til brennoffer,
4og ein okse og ein ver som skal vera måltidsoffer og ofrast for Herrens åsyn, og så eit grødeoffer med olje i! For i dag vil Herren syna seg for dykk.»
5Dei henta det som Moses hadde sagt, og sette det framfor møteteltet. Og heile Israels-lyden steig fram og stod for Herrens åsyn.
6Då sa Moses: «Dette er det Herren har sagt at de skal gjera; så skal Herrens herlegdom syna seg for dykk.»
7Og til Aron sa han: «Gå fram til altaret og ofra syndofferet og brennofferet ditt, og gjer soning for deg sjølv og for folket! Ber så fram offeret frå folket og gjer soning for dei, som Herren har sagt!»
8Så gjekk Aron fram til altaret og slakta kalven som skulle vera syndoffer for han sjølv.
9Sønene hans gav han blodet, og han duppa fingeren i blodet og strauk det på altarhorna. Det som var att av blodet, helte han ut nedmed altarfoten.
10Feittet, nyrene og leverlappen av syndofferdyret brende han på altaret, så som Herren hadde sagt Moses føre.
11Men kjøtet og skinnet brende han opp utanfor leiren.
12Så slakta han brennofferdyret. Sønene hans gav han blodet, og han skvette det rundt ikring på altaret.
13Dei rette sjølve brennofferet til han, stykke for stykke, og hovudet, og han brende det på altaret.
14Innvolen og føtene vaska han og brende dei på altaret saman med brennofferet.
15Så bar han fram offeret frå folket. Han tok bukken som skulle vera syndoffer for folket, slakta han og ofra han som syndoffer, liksom det fyrste offerdyret.
16Sameleis førte han fram brennofferet og ofra det, som det var føreskrive.
17Grødeofferet bar han òg fram. Av det tok han ein neve og brende på altaret, forutan morgonbrennofferet.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.