Jeremia 11 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Israel har brote pakta

1Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren:

2Høyr orda i denne pakta og tal til Juda-mennene og Jerusalems-buane!

3Sei til dei: Så seier Herren, Israels Gud: Forbanna vere den som ikkje lyder orda i denne pakta,

6Herren sa til meg: Rop ut alle desse orda over byane i Juda og på gatene i Jerusalem: Høyr orda i denne pakta og lev etter dei!

7Eg formante fedrane dykkar den gongen eg førte dei ut or Egypt, og sidan har eg til denne dag formant dei seint og tidleg: «Høyr kva eg seier!»

9Sidan sa Herren til meg: Eg har vorte var ei samansverjing mellom Juda-mennene og Jerusalems-buane.

10Dei har vendt tilbake til misgjerningane åt dei fyrste fedrane sine. Dei ville ikkje lyda orda mine, men heldt seg til andre gudar og dyrka dei. Israels-ætta og Juda-ætta har brote den pakta eg gjorde med fedrane deira.

11Difor seier Herren: Sjå, eg fører over dei ei ulukke som dei ikkje kan sleppa frå. Når dei ropar til meg, vil eg ikkje høyra på dei.

14Du skal ikkje be for dette folket og ikkje bera fram klagerop og bøner for dei. For eg vil ikkje høyra når dei ropar til meg i si naud.Oliventreet som Herren har planta

15Kva vil ho som eg elskar, i mitt hus,

ho som har lagt svikefulle planar?

Kan lovnader og heilagt offerkjøt

ta bort din vondskap?

Då kunne du jubla.

16Herren har kalla deg eit oliventre,

grønt, med fager frukt.

Men med bulder og brak

set elden det i brann,

så greinene brotnar.

17Herren, Allhærs Gud, som planta deg,

trugar deg no med ulukke

for det vonde som Israels og Judas ætt

gjorde mot seg sjølve, då dei ofra til Ba'al

og såleis vekte min harme.

Profeten møter fiendskap i heimbyen sin

18Herren gjorde det kjent for meg,

eg fekk vita om det;

då synte du meg deira gjerningar.

19Eg hadde vore godtruen som eit lam

som vert leitt til slakting.

Eg visste ikkje at dei tenkte ut

vonde planar mot meg og sa:

«Lat oss øydeleggja både treet og frukta

og rydja han ut or landet åt dei levande,

så ingen nemner namnet hans meir.»

20Herre, Allhærs Gud, du rettferdige domar,

som granskar hjarta og nyrer,

lat meg få sjå at du tek hemn over dei;

for eg har lagt mi sak i di hand.

21Difor seier Herren så om mennene i Anatot,

som står meg etter livet og seier:

«Du må ikkje tala profetord i Herrens namn,

elles skal du døy for vår hand»,

22ja, så seier Herren, Allhærs Gud:

Sjå, eg vil krevja dei til rekneskap.

Dei unge mennene skal døy for sverd,

deira søner og døtrer skal døy av svolt.

23Ingen av dei skal leivast;

for eg fører ulukke over Anatot-mennene

det året eg krev dei til rekneskap.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help