Nahum 3 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Ve den blodige byen!

1Ve den blodige byen!

Han er full av lygn og vald,

aldri held han opp å røva.

2Høyr svepesmell og ramling av hjul,

hestar i tvisprang og slingrande vogner,

3ryttarar som stormar fram.

Lynande sverd og blinkande spyd,

mengder av drepne, haugar av lik,

ingen ende på falne kroppar

– ein snåvar i lik.

4Og dette hender

på grunn av all den utukt ho dreiv,

den fagre og trollkunnige skjøkja.

Ho gjorde folkeslag til trælar med si utukt

og trælbatt heile ætter med si trolldomskunst.

5Sjå, eg kjem over deg,

lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.

Eg lyfter stakken opp for ditt andlet

og viser folka din nakenskap

og rika di skam.

6Eg kastar skit på deg,

vanærar deg og syner deg fram.

7Alle som ser deg, skal røma frå deg

og seia: «Ninive er herja,

kven har medkjensle med henne?»

Kvar skal eg leita

etter trøystarar til deg?

Spottevise om Ninive

8Er du betre enn No-Amon,

som låg ved Nilen, med vatn ikring,

som hadde hav til festningsvoll

og vatn til mur?

9Byen fekk sin store styrke

frå Nubia og Egypt.

Put og Libya kom han til hjelp.

10Folket der vart likevel bortført,

det laut fara i fangenskap.

Jamvel småborna deira vart knuste

på alle gatehjørne.

Om adelsmenn vart det kasta lodd,

og alle stormenn vart lagde i lekkjer.

11Du òg skal verta drukken

og gå frå sans og samling.

Du òg må søkja vern mot fienden.

12Alle dine festningar

er som fikentre med tidlegfrukt.

Ved minste risting dett dei ned

i munnen på den som vil eta.

13Sjå, ditt krigsfolk er som kvinner.

Portane i landet ditt

står vidopne for fienden.

Eld har øydt dine portbommar.

14Aus opp vatn før du vert kringsett,

set borgene i stand!

Trakka gjørme, stampa leire,

ta mursteinsforma fram!

15Du skal øydast av eld,

sverdet skal rydja deg ut,

liksom grashoppelarva eta deg opp.

Vert mange som grashoppelarver,

tallause som ein grashoppesverm!

16Dine kjøpmenn er fleire enn stjernene på himmelen.

Larvene kastar hamen og flyg.

17Dine oppsynsmenn er tallause som grashopper,

du har ein sverm av skrivarar.

Dei slår seg ned på muren

når dagen har svalna;

når sola renn, flyg dei bort,

og ingen veit kvar dei er.

18Dine hovdingar blundar, du Assur-konge,

dine stormenn søv.

Ditt folk er spreitt på fjella,

og ingen samlar det inn.

19Det finst ikkje lindring for din skade,

ulækjande er ditt sår.

Alle som får høyra om deg,

skal klappa i hendene.

For kven har ikkje gong på gong

fått smaka din vondskap?

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help