Jesaja 58 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Rett faste og sabbatshelg

1Rop av full hals, spar deg ikkje,

lyft di røyst som ein lur!

Fortel mitt folk om deira brot,

Jakobs ætt om deira synder!

2Dei søkjer meg dag etter dag

og vil gjerne kjenna mine vegar.

Lik eit folk som gjer rett

og ikkje vender seg frå sin Guds lov,

spør dei etter mine rettferdige bod

og ynskjer at Gud skal vera dei nær!

3«Kvifor ser du ikkje at vi fastar,

og ansar ikkje at vi plagar oss?»

De kjøper og sel på fastedagen

og driv arbeidsfolket hardt.

4Når de fastar, er det kiv og strid,

med hogg og slag av gudlause nevar.

De fastar ikkje så i dag

at bøna dykkar kan høyrast i det høge.

5Er dette den faste eg vil ha:

ein dag då mennesket plagar seg sjølv,

heng med hovudet som sevet,

kler seg i botsdrakt og ligg i oske?

Kallar du dette for faste,

er det ein dag etter Herrens vilje?

6Nei, så er den faste som eg vil ha:

at du løyser dei som med urett er bundne,

sprengjer banda i åket

og friar ut dei som er trælka,

ja, knekkjer kvart åk,

7at du deler ditt brød med dei som svelt,

og lèt heimlause stakkarar koma i hus,

at du kler den nakne som du ser,

og ikkje sviktar dine eigne.

8Då skal ljoset ditt renna som morgonroden,

snart skal dei lækjast og gro, dine sår.

Di rettferd skal gå føre deg

og Herrens herlegdom sist i ferda.

9Då skal Herren svara

når du kallar på han,

når du ropar om hjelp,

skal han seia: «Her er eg!»

Når du tek bort kvart tyngjande åk,

held opp med å peika fingrar

og tala vondt om andre,

10når du deler ditt brød med den som svelt,

og mettar den som lid naud,

då skal ljoset renna for deg i mørkret,

og natta skal verta som ljose dagen.

11Herren skal alltid leia deg

og metta deg i det turre land.

Han skal styrkja deg;

du skal verta som ein vassrik hage,

ja, som ei rennande kjelde

der vatnet aldri tryt.

12Du skal byggja opp att gamle ruinar

og reisa grunnmurar frå farne ætter.

Då skal dei kalla deg murbrot-bøtar,

han som vøler vegar,

så folk kan bu i landet.

13Held du foten din att på sabbatsdagen,

så du ikkje driv ditt yrke på min heilagdag,

men kallar sabbaten ei lyst

og Herrens helg ein høgvørd dag,

held du han i ære,

så du ikkje går dine eigne vegar,

men avstår frå handel og snakk,

14då skal du ha di glede i Herren.

Eg lèt deg fara over høgdene i landet,

du får nyta arven etter Jakob, far din.

Dette er ordet frå Herrens munn.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help