Esekiel 32 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Klagesong over farao

1I det tolvte året, den fyrste dagen i den tolvte månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så:

2Menneske, set i med ein klagesong over farao, kongen i Egypt, og sei til han:

Tagal har du vorte, du løve mellom folka.

Du var som eit sjøuhyre i havet,

frøsande fór du i elvane dine.

Du grumsa til vatnet med føtene

og rota opp gjørme i elvane.

3Så seier Herren Gud:

No breier eg garnet mitt over deg

medan mange folk er samla,

og dei skal dra deg opp med nota.

4Eg slengjer deg opp på land

og kastar deg ut over marka.

Eg lèt alle slag fuglar slå seg ned på deg,

alle dyr på jorda metta seg av deg.

5Eg legg kjøtet ditt på fjella

og fyller dalane med kroppen din.

6Så vatnar eg jorda med væska frå deg,

med blodet som renn på fjella,

og fyller bekkefara.

7Når eg lèt deg slokna, dekkjer eg himmelen,

og stjernene kler eg i svart.

Over sola breier eg skyer,

og månen skin ikkje meir.

8Kvart ljos som lyser på himmelen,

lèt eg svartna for di skuld;

eg sender mørker over landet,

lyder ordet frå Herren Gud.

9Eg gjer mange folk urolege

når eg tek fangar hjå deg

og fører dei ut mellom folkeslaga,

til land du ikkje kjenner.

10Eg lèt mange folk verta skræmde over deg,

kongane deira skal fæla

når eg svingar sverdet framfor dei.

Kvar augneblink skal dei skjelva

for sitt liv den dagen du fell.

11Ja, så seier Herren Gud:

Babylonarkongens sverd skal koma over deg.

12Din hop lèt eg falla for kjempers sverd,

alle er dei hardare enn andre folk.

Dei herjar det egyptarane er stolte av,

heile hopen vert utrudd.

13Alt feet der gjer eg ende på,

det vert borte frå dei store vassdrag,

som ikkje lenger skal grumsast til

av menneskefot eller dyreklauver.

14Så gjer eg vatnet klårt og reint,

og elvane lèt eg renna som olje,

lyder ordet frå Herren Gud.

15Når eg gjer Egypt til ei øydemark,

så landet ligg audt og tomt,

når eg slår ned alle som bur der,

då skal dei sanna at eg er Herren.

16Dette er ein klagesong, og som ein klagesong skal han syngjast. Kvinnene rundt i landa skal syngja han. Om Egypt og heile hopen der skal klagesongen lyda, seier Herren Gud.

Farao og hopen hans i dødsriket

17I det tolvte året, den femtande dagen i månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så:

18Menneske, syng ein klagesong over hopen i Egypt! Lat dei fara ned, og kvinner frå andre folkeslag saman med dei!

Mektige menn må fara

til landet djupt der nede,

saman med dei som går i grav.

19Kanskje du er betre enn andre?

Stig ned og legg deg hjå uomskorne!

20Egyptarane skal falla

mellom menn som vert drepne med sverd.

Sverdet er drege og lyft

mot landet og heile hopen der.

21Nede frå dødsriket skal sterke kjemper

seia om farao og hans hjelpesmenn:

«No har dei fare ned og lagt seg

mellom uomskorne, drepne med sverd.»

22Der er Assur og heile hans fylking

rundt ikring hans grav.

Alle vart drepne, dei fall for sverd

23og fekk sine graver inst i hola.

Fylkinga ligg der rundt ikring hans grav.

Alle vart drepne, dei fall for sverd,

dei som spreidde redsle ikring seg

medan dei levde.

24Der er Elam og heile hans hop

rundt ikring hans grav.

Alle vart drepne, dei fall for sverd;

uomskorne fór dei

til landet djupt der nede,

dei som spreidde redsle ikring seg

medan dei levde.

No må dei bera si vanære

saman med dei som gjekk i grav.

25– Midt imellom drepne fekk han si lege

og heile hopen rundt hans grav.

Alle er uomskorne;

dei vart drepne med sverd,

for det fylgde redsle med dei

medan dei levde.

No må dei bera si vanære

saman med dei som gjekk i grav.

Midt imellom drepne vart dei lagde. –

26Der er Mesjek og Tubal med heile deira hop

rundt ikring hans grav.

Alle er uomskorne;

dei vart drepne med sverd,

for det fylgde redsle med dei

medan dei levde.

27Dei ligg ikkje mellom kjempene

som fall i gamle dagar

og fór ned til dødsriket

med sine krigsvåpen.

Deira sverd vart lagde under hovudet på dei.

Deira synd og skuld

låg tungt på deira bein.

For det fylgde redsle med kjempene

medan dei levde.

28Du òg skal verta knust mellom uomskorne

og liggja hjå dei som er drepne med sverd.

29Der er Edom med sine kongar og alle sine hovdingar, dei som trass i all si heltekraft må liggja mellom dei som fall for sverd. Dei skal liggja hjå dei uomskorne, hjå dei som steig ned i grava.

30Der er alle fyrstane frå nord og alle dei frå Sidon, som trass i den redsla dei spreidde, laut fara ned med dei falne. Med all si heltekraft vart dei til skammar. Der ligg dei uomskorne hjå dei som vart drepne med sverd. No må dei bera si vanære saman med dei som gjekk i grav.

31Farao skal sjå dei og finna trøyst etter tapet av heile sin hop. Farao og heile hans hær skal verta drepne med sverd, seier Herren Gud.

32For eg lét det stå skrekk av han medan han levde. No skal farao og heile hans hop få si lege mellom uomskorne, hjå dei som vart drepne med sverd, lyder ordet frå Herren Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help