1Fyrste dagen i veka, tidleg i otta, kom kvinnene til grava og hadde med seg den angande oljen dei hadde laga til.
2Då fekk dei sjå at steinen var velt ifrå grava;
3dei gjekk inn, men fann ikkje lekamen åt Herren Jesus.
4Dei visste ikkje kva dei skulle tru, men brått stod det to menn hjå dei i skinande klede.
14og dei tala med einannan om alt det som hadde hendt.
15Medan dei no tala saman og drøfte dette med kvarandre, kom Jesus sjølv og gav seg i lag med dei.
16Men dei var som synkvervde, så dei kjende han ikkje att.
17«Kva er det de går og talar om med einannan?» spurde han. Då stogga dei og såg sorgfulle på han,
18og den eine av dei, han som heitte Kleopas, svara: «Du må vera den einaste som er komen til Jerusalem og ikkje veit kva som har hendt der i desse dagane.»
19«Kva då?» spurde han. «Det med Jesus frå Nasaret,» svara dei. «Han var ein profet, mektig i ord og gjerning for Gud og heile folket.
28Då dei kom bort imot den landsbyen dei skulle til, lest han vilja gå lenger.
29Men dei nøydde han og sa: «Ver hjå oss! Det lid mot kveld, og dagen hallar.» Då gjekk han inn og gav seg til hjå dei.
30Og medan han sat til bords med dei, tok han brødet, bad takkebøna, braut det og gav dei.
50Så tok han dei med seg ut mot Betania, og han lyfte hendene og velsigna dei.
51Og medan han velsigna dei, skildest han frå dei og vart teken opp til himmelen. Apg 1,9
52Då fall dei på kne og tilbad han. Så gjekk dei attende til Jerusalem i stor glede. Apg 1,12; Joh 14,28; 16,22
53Sidan var dei allstøtt i templet og lova og prisa Gud.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.