Josva 20 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Fristadene

1Herren tala til Josva og sa:

2Sei til israelittane at dei skal gje frå seg dei fristadene som eg tala til dei om gjennom Moses.

7Då skilde dei ut desse byane: Kedesj i Galilea i Naftali-fjella, Sikem i Efraims-fjella og Kirjat-Arba, som no heiter Hebron, i Juda-fjella.

8Og austanfor Jordan, som renn frammed Jeriko, valde dei ut desse: i Rubens-ætta Beser i øydemarka på høgsletta, i Gads-ætta Ramot i Gilead og i Manasse-ætta Golan i Basan. 5 Mos 4,41–43

9Desse byane skulle vera fristader for alle israelittane og for innflyttarane som heldt til mellom dei. Kvar den som av vanvare kom til å slå i hel ein landsmann, kunne røma dit. Han skulle ikkje døy for hemnarhand før han hadde stått til rettes for folket.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help