1Såleis vart alle israelittar innførte i ættelister, og dei er oppskrivne i boka om Israels-kongane.Folket i Jerusalem
Folket i Juda vart bortført til Babylonia fordi det hadde bore seg trulaust åt.
2Dei fyrste som slo seg ned i byane og tok over eigedomane deira, var vanlege israelittar og prestar, levittar og tempeltenarar.
3I Jerusalem budde nokre av Juda-sønene, av Benjamins-sønene og av Efraims- og Manasse-sønene.
19Sjallum, son til Kore, son til Ebjasaf, son til Korah, og brørne hans, Korah-sønene, som høyrde til same ættgreina som han, gjorde vaktteneste ved dørstokkane i teltet, liksom fedrane deira hadde vakta inngangen til Herrens leir.
20Pinhas, son til Elasar, hadde før i tida vore leiaren deira. Herren var med han.
27Om natta heldt dei seg kring Guds hus; for det var dei som skulle halda vakt og syta for at portane vart opna kvar morgon.
28Somme av levittane hadde tilsyn med dei reiskapane som vart nytta i gudstenesta. Dei skulle telja dei både når dei bar dei inn, og når dei bar dei ut.
29Og somme var sette til å ta vare på dei vanlege kara og dei heilage kara og kveitemjølet, vinen, oljen, røykjelsen og balsamoljen.
30Men det var nokre av prestane som laga salve av balsamen.
35I Gibeon budde Je'uel, far til Gibeon. Kona hans heitte Ma'aka. 8,29–33; 10,2
36Eldste son hans var Abdon. Så kom Sur, Kisj, Ba'al, Ner, Nadab,
37Gedor, Akjo, Sakarja og Miklot.
38Miklot fekk sonen Sjima. Dei òg budde saman med brørne sine i Jerusalem, midt for brørne.
39Ner fekk sonen Kisj, og Kisj var far til Saul. Saul fekk sønene Jonatan, Malkisjua, Abinadab og Esjba'al.
40Son til Jonatan var Meribba'al, og Meribba'al fekk sonen Mika.
41Sønene til Mika var Piton, Melek, Tarea og Akas.
42Akas fekk sonen Jara, og Jara vart far til Alemet, Asmavet og Simri. Simri fekk sonen Mosa,
43og Mosa fekk Bina. Hans son var Refaja, hans son Elasa og hans son Asel.
44Asel hadde seks søner, og dette er namna deira: Asrikam, Bokeru, Ismael, Sjearja, Obadja og Hanan. Alle desse var sønene til Asel.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.