Nehemja 11 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Busetnaden i Jerusalem og Judea

1Stormennene i folket busette seg i Jerusalem. Resten av folket kasta lodd om kvar dei skulle bu. Ein tiandepart skulle bu i Jerusalem, den heilage byen, og ni tiandepartar i dei andre byane.

2Og folket rosa alle dei mennene som var viljuge til å busetja seg i Jerusalem.

3Dette er dei hovdingane i landet som budde i Jerusalem, medan resten av folket og prestane, levittane, tempeltenarane og etterkomarane etter Salomos tenarar budde i byane i Judea, kvar på sin eigedom og i sin by.

22Tilsynsmenn for levittane i Jerusalem var Ussi, son til Bani, son til Hasjabja, son til Mattanja, son til Mika, ein av etterkomarane etter Asaf, dei som song når det vart halde gudsteneste i Guds hus.

23For kongen hadde gjeve føresegn om songarane og fastsett kva dei skulle gjera kvar dag.

24Kongens rådgjevar i alle saker som galdt folket, var Petakja, son til Mesjesabel, ein av etterkomarane etter Serah, son til Juda.

25Nokre av dei som høyrde Juda-ætta til, budde i landsbyar med marker ikring: i Kirjat-Arba og byane der ikring, i Dibon og byane der ikring, i Jekabse'el og landsbyane som høyrer til,

26i Jesjua, Molada og Bet-Pelet,

27i Hasar-Sjual, i Be'er-Sjeba og byane der ikring,

28i Siklag, i Mekona og byane der ikring,

29i En-Rimmon, Sora og Jarmut,

30i Sanoah, i Adullam og landsbyane som høyrer til, i Lakisj med markene ikring, i Aseka og byane der ikring. Såleis hadde dei bustadene sine frå Be'er-Sjeba til Hinnom-dalen.

31Dei som høyrde Benjamins-ætta til, budde i Geba, Mikmas og Ajja og i Betel og byane der ikring,

32i Anatot, Nob og Ananja,

33i Hasor, Rama og Gittajim,

34i Hadid, Sebo'im og Neballat,

35i Lod, Ono og Ge-Harasjim.

36Av levittane var det nokre skift frå Judea som kom til å bu i Benjamin.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help