1Eg har gjort ein avtale med augo mine
at eg ikkje skal sjå på ei møy.
2Kva lut fekk eg elles av Gud i himmelen,
kva arv frå Den Allmektige i det høge?
3Ulukke kjem over den som gjer urett,
og vanlagnad over den som gjer vondt.
4Ser ikkje Gud korleis eg ferdast,
tel han ikkje alle mine steg?
5Skulle eg ha fare med svik
og vore snar på foten til å lura folk?
6Lat Gud berre vega meg på rettferds vekt,
så skal han skjøna at eg er heil i mi ferd.
7Har eg bøygt av frå vegen
og med augo fylgt det som hugar mitt hjarta,
finst det flekker på mine hender,
8då kan ein annan få eta det eg har sått,
og grøda kan rivast opp med rot.
9Har eg late meg dåra av kvinner,
har eg stått på lur ved døra åt min neste,
10då skal kona mi mala korn for ein annan
og andre få bøya seg ned over henne!
11For det ville vera skamlaus ferd,
ei misgjerning som fører til straff,
12ja, ein eld som tærer radt til avgrunnen;
han skulle øyda all mi avling.
13Krenkte eg retten når eg hadde sak
med min træl eller mi trælkvinne,
14kva skulle eg då gjera
når Gud stod opp til doms,
kva skulle eg svara
når han granska mi sak?
15Han som skapte meg i mors liv,
har ikkje han skapt den andre òg?
Er det ikkje den same Gud
som har forma oss begge i mors liv?
16Har eg sagt nei til småkårsfolk
når dei bar fram sine ynske,
og sløkt glansen i augo på enkjer?
17Har eg ete mitt brød åleine,
så farlause ikkje fekk smaka det?
18Nei, som ein far har eg fostra dei
heilt frå min ungdom,
og frå fyrste stund har eg teke meg av enkjer.
19Kunne eg sjå
at nokon flakka ikring utan klede,
at den fattige ikkje hadde eit teppe?
20Måtte han ikkje velsigna meg
fordi han fekk verma hoftene
med ull frå lamma mine?
21Har eg lyft hand mot ein farlaus,
fordi eg visste eg fekk medhald i retten,
22så lat mitt aksleblad losna frå nakken
og armen min gå or led!
23For då vart eg gripen av redsle frå Gud,
kunne ikkje stå meg mot hans velde.
24Har eg sett mi von til gull
eller sagt at eg lit på det fine gullet?
25Har eg gledt meg fordi rikdomen auka,
fordi eg vann mykje gods med mi hand?
26Når eg såg at solljoset stråla
og at månen steig i sin glans,
27då lét eg meg aldri dåra
til å hylla dei med løynlege kyss.
28Nei, det hadde vore ei misgjerning
som førte til straff;
då hadde eg fornekta Gud i det høge.
29Har eg gledt meg over min fiendes fall
eller jubla når ulukka råka han?
30Eg lét aldri min munn få synda så
at eg forbanna han og ynskte han døden.
31Mitt husfolk kan sanneleg seia:
«Fekk ikkje alle eta seg mette
av kjøtet på hans bord?»
32Og aldri laut ein framand liggja
utfor mitt hus om natta;
eg opna dørene for farande folk.
33Har eg løynt mine synder så som folk har for skikk,
og gøymt mi skuld ved barmen,
34av di eg var redd for den store hopen,
knust av vanvørdnad frå ættefrendar,
så eg heldt meg i ro og ikkje gjekk ut?
35Gjev einkvan ville høyra på meg!
Sjå, her er mi underskrift
– lat Den Allmektige svara meg!
Gjev eg hadde det skrivet
som min motpart har sett opp!
36Då skulle eg ta det på aksla,
setja det som eit diadem på mitt hovud!
37Eg skulle svara han for alle mine steg
og møta han som ein fyrste.
38Dersom min åker skrik imot meg
og alle hans fòrer græt,
39dersom eg utan vederlag har tært på hans kraft
og gjort livet tungt for dei som eig han,
40så lat det veksa klunger i staden for kveite
og ugras i staden for bygg!
Her endar Jobs ord.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.