1Den dagen skal sju kvinner
ta fatt i ein og same mann og seia:
«Vi skal sjølve fø og kle oss,
berre vi får bera ditt namn.
Ta bort vår vanære!»
Sions frelse og herlegdom2Den dagen skal Herrens renning
vera til prydnad og ære
og landsens frukt gild og fager
for dei som slapp unna i Israel.
3Dei som er att på Sion
og etterleivde i Jerusalem,
skal kallast heilage,
alle som er oppskrivne
til livet i Jerusalem.
4Når Herren har vaska bort
ureinskapen hjå Sions døtrer
og skylt blodskulda ut or Jerusalem
med doms- og reinsingsande,
5då skal han skapa ei røyksky om dagen
og ein lysande, logande eld om natta
over heile Sion-fjellet
og over møtestadene der.
For over alt herleg skal det vera eit dekke,
6eit tak som skyggjer for heten om dagen
og gjev livd og skjol mot uver og regn.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.