Josva 4 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Kva tyder desse steinane?

1Då alt folket var kome over Jordan, sa Herren til Josva:

2«Vel dykk ut tolv menn av folket, ein frå kvar ætt,

15Herren sa til Josva:

16«Sei til prestane som ber lovkista, at dei skal stiga opp or Jordan.»

17Og Josva sa til prestane: «Stig opp or Jordan!»

18Med det same prestane som bar Herrens paktkiste, steig opp or elva og sette foten på turt land, vende vatnet attende til det gamle lægjet sitt og gjekk over breddene alle stader, som det før hadde gjort.

19Det var den tiande dagen i den fyrste månaden at folket steig opp or Jordan. Dei slo leir attmed Gilgal, lengst aust i Jeriko-bygda.

20Og der i Gilgal reiste Josva dei tolv steinane som dei hadde teke med seg frå Jordan.

21Og han sa til israelittane: «Når borna dykkar sidan spør fedrane sine: Kva tyder desse steinane?

22då skal de fortelja dei det og seia: Israelittane gjekk turrskodde over Jordan her,

23fordi Herren dykkar Gud turka ut elva for dei medan dei gjekk over, liksom han turka ut Sevsjøen for oss då vi fór over den. 2 Mos 14,21f

24Det gjorde han for at alle folk på jorda skal skjøna at Herrens hand er sterk, og for at de alle dagar skal ottast Herren dykkar Gud.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help