1Sjå, dagen kjem, han brenn som ein omn.
Alle frekke og gudlause
skal då vera som halm,
og dagen som kjem, skal brenna dei opp,
seier Herren, Allhærs Gud,
så korkje rot eller grein vert att.
2Men for dykk som har age for mitt namn,
skal rettferdssola renna
med lækjedom under sine venger.
De skal gå ut og kjæta dykk som kalvar
når dei slepp or fjøset.
3Då skal de trakka ned dei gudlause,
dei skal vera som støv under sólane dykkar
den dagen eg gjer mitt verk,
seier Herren, Allhærs Gud.
Formaning og lovnad4Kom i hug lova åt Moses, tenaren min,
den eg gav han på Horeb for heile Israel,
både føresegner og domsreglar.
5Sjå, eg sender profeten Elia til dykk
før Herrens dag kjem, den store og skræmande.
6Han skal venda fedrehjarto til borna
og barnehjarto til fedrane,
så eg ikkje skal koma og bannstøyta landet.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.