Daniel 3 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Venene åt Daniel i den glødande omnen

1Kong Nebukadnesar laga ei biletstøtte av gull, seksti alner høg og seks alner brei, og sette henne opp i Dura-dalen i provinsen Babylon.

2Så sende kong Nebukadnesar bod til satrapane, statthaldarane og landshovdingane, rådgjevarane, skattmeistrane, dei lovkunnige, domarane og alle provinsstyrarane og kalla dei saman til vigsla av biletstøtta som kongen hadde reist.

3Dei kom saman til vigsla av den støtta som kong Nebukadnesar hadde reist, både satrapane, statthaldarane og landshovdingane, rådgjevarane, skattmeistrane, dei lovkunnige, domarane og alle provinsstyrarane.

Då dei stod framfor biletstøtta som Nebukadnesar hadde reist,

4ropa herolden med høg røyst: «Hermed vere det sagt dykk, de folk og ætter med ulike språk:

5Så snart de høyrer lyden av horn, fløyte, sitar, harpe, lutt, sekkepipe og alle andre slag instrument, skal de falla ned og tilbe gullbiletet som kong Nebukadnesar har reist.

6Den som ikkje fell ned og tilbed, skal straks kastast i omnen med logande eld.»

7Så snart alle folka høyrde lyden av horn, fløyte, sitar, harpe, lutt og alle andre slag instrument, kasta dei seg ned – alle folk og ætter med ulike språk – og tilbad gullbiletet som kong Nebukadnesar hadde reist.

8Straks etter kom nokre kaldearar og klaga på judearane.

9Dei tok til ords og sa til kong Nebukadnesar: «Kongen leve evig!

10Konge, du har gjeve påbod om at kvar og ein som høyrer lyden av horn, fløyte, sitar, harpe, lutt, sekkepipe og alle andre slag instrument, skal falla ned og tilbe gullbiletet,

13Då vart Nebukadnesar arg og sint. Han baud at dei skulle henta Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego. Og dei førte mennene fram for kongen.

14Nebukadnesar tok til ords og sa til dei: «Er det sant, Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego, at de ikkje dyrkar min gud og ikkje tilbed det gullbiletet som eg har reist?

15No vel, dersom de, når de høyrer lyden av horn, fløyte, sitar, harpe, lutt, sekkepipe og alle andre slag instrument, er viljuge til å falla ned og tilbe det biletet eg har laga, så er alt godt og vel. Men vil de ikkje tilbe det, skal de straks kastast i omnen med logande eld. Finst det då nokon gud som kan frelsa dykk or mi hand?»

16Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego tok til ords og sa til kong Nebukadnesar: «Vi treng ikkje svara deg eit ord på dette.

17Om så skal vera, kan vår Gud som vi dyrkar, frelsa oss; or den glødande omnen og or di hand, konge, vil han frelsa.

19Då rann det slikt sinne i Nebukadnesar mot Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego at han reint skaptest om i andletet. Han sa frå at dei skulle gjera omnen sju gonger så heit som vanleg.

20Og han sette nokre handfaste karar i hæren til å binda Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego og kasta dei i omnen med logande eld.

21Så vart mennene bundne og kasta i den glødande omnen, med kappene, buksene, huene og dei andre kleda på seg.

22Sidan kongsbodet var så strengt, og omnen difor så sterkt oppheta, vart dei som førte Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego opp, drepne av logane.

23Dei andre tre, Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego, fall bundne ned i den glødande omnen.

24Då vart kong Nebukadnesar forfærd. Han reiste seg brått og sa til rådsherrane sine: «Var det ikkje tre menn vi kasta bundne ned i elden?» «Jau visst, konge,» svara dei.

25Då sa han: «Men eg ser fire menn gå fritt ikring i elden, og det finst ikkje mein på dei. Den fjerde ser ut som ein gudeson.»

26No gjekk Nebukadnesar bort til døra i den glødande omnen og ropa: «Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego, de som er tenarar for Den Høgste Gud, kom ut!» Og Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego kom ut or elden.

27Satrapane, statthaldarane, landshovdingane og kongens rådsherrar kom saman. Dei såg at elden ikkje hadde hatt makt over lekamane åt desse mennene. Håret på hovuda deira var ikkje svidt, kappene var ikkje skadde, og det lukta ikkje brent av dei.

28Då tok Nebukadnesar til ords og sa: «Lova vere Sjadraks, Mesjaks og Abed-Negos Gud, som sende engelen sin og frelste tenarane sine. Dei sette si lit til han og gjorde ikkje som kongen baud. Dei våga livet, så dei skulle sleppa å dyrka eller tilbe nokon annan gud enn sin eigen.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help