1. Johannes 2 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Mine born, dette skriv eg til dykk, så de ikkje skal synda. Men om nokon syndar, har vi ein talsmann hjå Faderen, Jesus Kristus, Den Rettferdige. Det nye bodet

3Og på dette veit vi at vi kjenner han: om vi held boda hans.

4Den som seier at han kjenner han, men ikkje held boda hans, er ein lygnar, og sanninga er ikkje i han.

7De kjære! Det er ikkje eit nytt bod eg skriv til dykk, men eit gamalt bod som de har hatt frå fyrste stund. Dette gamle bodet er det ordet de har høyrt. Elska ikkje verda!

12Eg skriv til dykk, mine born, fordi de har fått syndene tilgjevne for hans namn skuld. Fornekting og vedkjenning

18Mine born, den siste tida er komen. De har høyrt at Antikrist skal koma, og mange antikristar har alt stått fram. Av dette skjønar vi at den siste tida er komen.

26Når eg skriv dette, tenkjer eg på dei som fører dykk vilt.

27Men de har fått salving av han; ho vert verande i dykk, og de treng ikkje til at nokon lærer dykk. For hans salving lærer dykk alt og er sannferdig og utan lygn. Vert difor verande i han, så som de har lært.Når Kristus openberrar seg

28Ja, mine born, ver i han! Då kan vi vera frimodige når Kristus openberrar seg, og ikkje verta bortviste med skam når han kjem att.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help