1Hjå deg, Herre, søkjer eg livd,
lat meg aldri verta til skammar!
2Fri og frels meg i di rettferd,
vend øyra til meg og berga meg!
3Ver eit fjell som eg kan fly til,
ei festning der eg finn frelse!
For du er mitt berg og mi borg.
4Fri meg, Gud, frå handa åt dei gudlause,
frå dei som fer med vald og urett!
5Herre, Gud, du er mi von,
frå min ungdom har eg sett mi lit til deg.
6Frå eg vart fødd, har eg stødd meg til deg,
du drog meg fram frå mors liv.
Deg vil eg alltid prisa.
7Eg har vorte som eit under for mange,
du er mi trygge tilflukt.
8Min munn er full av lovsong til deg,
eg prisar din herlegdom dagen lang.
9Støyt meg ikkje bort i min alderdom,
forlat meg ikkje når krafta minkar.
10Mine fiendar talar om meg,
dei lurer på meg og samrår seg.
11Dei seier: «Gud har forlate han.
Jag han og grip han!
Det er ingen som bergar.»
12Gud, ver ikkje langt borte frå meg!
Skund deg og hjelp meg, min Gud!
13Lat dei som står meg imot,
gå til grunne med skam!
Lat dei som vil meg vondt,
sveipast i skam og vanære!
14Men eg er alltid full av von,
atter og atter vil eg prisa deg.
15Kvar dag skal eg fortelja om di rettferd,
om dine gjerningar til frelse;
eg kjenner ikkje talet på dei.
16Herre, min Gud,
eg vil tala om dine storverk,
prisa di rettferd, berre den.
17Du har lært meg opp, Gud,
heilt frå min ungdom,
og enno fortel eg om dine under.
18Forlat meg heller ikkje, Gud,
når eg vert gamal og grå!
Så skal eg tala om di mektige gjerning
til heile den ætt som kjem.
19Din styrke og di rettferd, Gud,
når til himmelen.
Du som har gjort så store ting,
Herre, kven er som du?
20Du som lét oss oppleva
mange trengsler og ulukker,
du vil atter gje oss liv
og føra oss opp
frå havsens djup under jorda.
21Gjev meg att mi ære,
vend deg til meg og trøysta meg!
22Så vil eg spela på harpe
og prisa din truskap, Gud.
Eg vil spela på lyre for deg,
du Israels Heilage.
23Mine lipper skal jubla
når eg spelar for deg,
mi sjel som du har løyst ut, skal jubla.
24Ja, heile dagen skal mi tunge
tala om di rettferd.
For dei som vil meg vondt,
har vorte til spott og spe.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.