1Ein salme. Ein song til bruk
på sabbatsdagen.
2Det er godt å lovsyngja Herren
og prisa ditt namn, du Høgste,
3å forkynna di miskunn om morgonen,
din truskap om nettene,
4til tistrengja sitar og harpe,
til tonar frå lyra.
5Med ditt verk har du gledt meg, Herre;
eg jublar over det du har gjort.
6Kor store dine gjerningar er,
kor djupe dine tankar, Herre!
7Ein uvitug mann forstår ikkje dette,
dåren skjønar det ikkje.
8Dei gudlause gror som graset,
alle ugjerningsmenner blømer,
men dei skal rydjast ut for alltid.
9Du, Herre, er høg til evig tid.
10Men dine fiendar, Herre,
dei skal gå til grunne,
og alle ugjerningsmenner skal spreiast.
11Du gjev meg kraft som ein villokse
og salvar meg med den friskaste olje.
12Eg får sjå at mine fiendar fell,
eg får høyra korleis det går
med ugjerningsmenner som reiser seg mot meg.
13Men dei rettferdige gror som palmer,
dei veks som sedrar på Libanon.
14Dei er planta i Herrens hus
og blømer i vår Guds tempelgardar.
15Enno i sin alderdom ber dei frukt,
friske og frodige er dei.
16Såleis forkynner dei at Herren er rettvis;
hjå han, mitt berg, er det ingen urett.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.