1Domsord mot Tyrus.
Set i med klagerop, de Tarsis-skip,
for byen er herja, husa er borte!
Då dei kom frå kittearlandet,
fekk dei melding om det.
2Ver stille, de som bur utmed havet,
og de som driv handel i Sidon!
Over havet fór dine utsende menn,
3over dei store hav.
Av korn som dei sår ved Sjikor,
og korn som dei haustar ved Nilen,
hadde byen si inntekt;
han handla med mange folk.
4Ver skamfull, Sidon,
du faste borg utmed havet!
For så seier havet:
«Eg har ikkje rier og får ikkje born;
unge gutar har eg ikkje ale,
og unge jenter har eg ikkje fostra.»
5Når dei får høyra om dette i Egypt,
skjelv dei ved tidenda om Tyrus.
6Far over til Tarsis,
set i med klagerop,
de som bur utmed havet!
7Er dette dykkar jublande by,
som vart til i eldgamal tid,
som førte sitt folk på raske føter
til framande land, der dei kunne bu?
8Kven har sett seg føre dette
mot Tyrus, dronninga mellom byar,
der handelsmenn var fyrstar
og kræmarar stormenn på jorda?
9Herren, Allhærs Gud, har sett seg føre
å audmykja alt som er stort og stolt,
og vanæra alle stormenn på jorda.
10Dyrk jorda, de Tarsis-folk,
så som dei gjer nedmed Nilen.
Her er ikkje hamner meir.
11Herren har rett ut si hand over havet
og fått kongerike til å skjelva.
Han har sagt frå at festningane i Kanaan
skal jamnast med jorda.
12Han seier: Du skal ikkje jubla meir,
du trælka møy, du Sidons dotter.
Stå opp og dra til kittearlandet!
Heller ikkje der skal du finna ro.
13Sjå, det var ikkje Assur, men folket i Kaldea
som gjorde byen til ei øydemark.
Dei reiste sine kringsetjingstårn,
jamna borgene med jorda
og la han i grus.
14Set i med klagerop, de Tarsis-skip,
for borga dykkar er herja.
Tyrus skal gløymast, men reisast på nytt15På den tid skal Tyrus gløymast i sytti år, så lenge som ein konge lever. Men når sytti år er lidne, skal det gå Tyrus som det heiter i visa om gatejenta:
16Ta di lyre
og gå ikring i byen,
du gløymde skjøkje!
Spela fagert,
syng alt du kan,
så folk kan minnast deg.
17Når dei sytti åra er lidne, skal Herren ta seg av Tyrus. Då skal byen atter få horeløn og driva utukt med alle kongerike på den vide jord.
18Men den vinning og løn som byen får, skal vera helga til Herren. Det skal ikkje sparast og gøymast. Dei som bur for Herrens åsyn, skal få denne vinsten, så dei kan eta seg mette og kjøpa seg dyre klede.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.