1Herrens ord kom til Jona, son til Amittai, og det lydde så:
10Då vart sjømennene fælande redde og sa til han: «Kva er det du har gjort!» For dei visste at han hadde rømt bort frå Herren; det hadde han fortalt dei.
11«Kva skal vi gjera med deg,» sa dei, «så havet kan leggja seg?» For havet vart meir og meir opprørt.
12Han svara: «Ta og kast meg i havet, så skal det stilna! For eg veit at det er for mi skuld den sterke stormen er komen over dykk.»
13Sjømennene prøvde å ro til lands att, men dei greidde det ikkje. For sjøen bar meir og meir imot.
15Så tok dei Jona og kasta han på sjøen. Då heldt havet opp å rasa,
16og mennene fekk stor age for Herren. Dei ofra slaktoffer til Herren og gav lovnader.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.