1Bed Herren om regn
når tida for vårregnet er komen.
Det er Herren som skaper uversskyer
og gjev menneska regnskurer,
så dei får vokstrar på marka.
2Husgudane tala berre lygn,
spåmennene hadde falske syner
og fortalde svikefulle draumar;
trøysta dei gav, var ingenting verd.
Difor laut folket fara av stad
og lida vondt som sauer,
fordi dei ikkje hadde hyrding. Israel skal samlast att
3Mot hyrdingane logar min vreide,
og bukkane vil eg krevja til rekneskap.
Men Herren, Allhærs Gud,
vil sjå til Juda-ætta, som er hans flokk.
Han gjer henne til sin stolte stridshest.
4Frå henne skal hjørnestein og teltplugg koma,
frå henne skal stridsboge koma,
frå henne skal kvar styresmann gå ut.
5Dei skal vera som kjemper i striden,
som trakkar ned for fote på sølete vegar.
Dei skal strida, for Herren er med dei,
medan hestfolka skal verta til skammar.
6Eg gjer Juda-ætta sterk,
og Josefs-ætta gjev eg siger.
Eg lèt dei atter busetja seg,
for eg har medkjensle med dei.
Ja, det skal gå dei
som om eg aldri hadde støytt dei bort,
for eg er Herren deira Gud,
og eg vil høyra deira bøner.
7Efraims menn skal vera lik kjemper,
dei skal vera glade
som når ein drikk vin.
Borna deira skal sjå det med glede
og hjarto deira fagna seg i Herren.
8Eg vil plystra på dei og samla dei,
for eg har fria dei ut.
Dei skal verta så mange som dei eingong var.
9Sår eg dei ut mellom folka,
vil dei minnast meg i land langt borte.
Dei skal leva saman med borna sine
og koma attende.
10Eg vil føra dei heim att frå Egypt,
og frå Assyria skal eg samla dei.
Eg lèt dei koma til Gilead og Libanon;
men det vert ikkje rom nok åt dei.
11Han skal dra fram gjennom det trugande havet
og slå ned bylgjene der.
Alle djupa i Nilen skal turkast ut.
Det Assur er stolt av, skal støytast ned,
kongsstaven skal vika frå Egypt.
12Eg vil gjera dei sterke i Herren,
og dei skal ferdast i hans namn,
lyder ordet frå Herren.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.