1Ein øvsteprest vert alltid teken blant menneske og innsett til å gjera teneste for menneske framfor Gud. Han skal bera fram gåver og offer for synder.
5Så har heller ikkje Kristus teke seg den æra å vera øvsteprest. Han fekk henne av Gud som sa til han:
Du er son min,
eg har født deg i dag.
6Og som han seier ein annan stad:
Du skal vera prest til evig tid
på Melkisedeks vis.
7Då Jesus levde på jorda, bar han med høge rop og tårer fram bøner og naudrop til Gud som kunne berga han frå døden, og han vart bønhøyrd fordi han hadde age for Gud. Åtvaring mot fråfall
11Om dette har vi mykje å seia, men det er vanskeleg å forklara sidan de har vorte så trege til å høyra.
12Etter så lang tid burde de sjølve vore lærarar, men de treng einkvan som atter lærer dykk dei fyrste og grunnleggjande ting i Guds ord. De må ha mjølk og toler ikkje fast føde. 1 Kor 3,1f
13For den som får mjølk, ser ikkje djupt inn i bodskapen om rettferd; han er umogen. Ef 4,14
14Men fast føde er for dei mogne, for dei som med øving har vant sansane til å skilja mellom godt og vondt.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.