1Då kanaanearkongen som budde i Arad i Negev, fekk høyra at israelittane drog fram på vegen til Atarim, gjekk han til strid mot dei og tok nokre av dei til fange.
4Så tok dei ut frå Hor-fjellet og valde vegen til Sevsjøen. For dei ville fara utanom Edom-landet. Men på ferda vart folket utolmodig
6Då sende Herren eiterormar inn mellom folket. Dei beit israelittane, og mange av dei døydde. Israelittane held fram på ferda
10Israelittane heldt fram på ferda og slo leir ved Obot.
Vaheb i Sufa og dalane,
Arnon
15og dalsida
som tøyer seg ned mot Ar-bygda
og når til Moabs grense.
16Så fór dei til Be'er. Det er den brunnen der Herren sa til Moses: «Kall saman folket, så skal eg gje dei vatn!»
17Då song Israel denne songen:
Vell fram, du kjelde!
Lat songen ljoma
18for brunnen som hovdingar har grave,
som dei fremste menn i folket har bora
med styrarstav og septer.
Frå Be'er fór dei så til Mattana,
19frå Mattana til Nahaliel, frå Nahaliel til Bamot,
20og frå Bamot til den dalen som går gjennom Moab-høgsletta, under toppen av Pisga-fjellet, der ein kan sjå ut over det aude landet. Siger over amorittkongane Sihon og Og
21Israelittane sende bod til amorittkongen Sihon og sa:
28Eld gjekk ut frå Hesjbon,
ein loge frå Sihons by.
Han gjorde ende på Ar i Moab
og avgudane på haugane ved Arnon.
29Ve deg, Moab!
Det er ute med deg,
du folk som dyrkar Kamosj.
Han har gjort sønene sine til flyktningar
og sendt døtrene sine i fangeferd
til amorittkongen Sihon.
30Vi skaut dei ned
frå Hesjbon radt til Dibon.
Vi herja landet heilt til Nofah,
som ligg bortmed Medeba.
31No slo Israel seg ned i amorittlandet.
32Moses sende folk som skulle speida ut Jaser. Dei tok byane der ikring og dreiv ut amorittane som budde der.
33Så tok dei ei anna lei og fór oppover til Basan. Kong Og i Basan drog ut mot dei med heile hæren sin, og det kom til slag ved Edre'i. 5 Mos 3,1ff
34Då sa Herren til Moses: «Ver ikkje redd han! Eg har gjeve både han og heile folket og landet hans i dine hender. Du skal gjera med han som du gjorde med amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon.»
35Så slo israelittane kong Og og sønene hans og heile hæren hans. Ingen vart att, og ingen slapp unna, og landet la dei under seg.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.