1Job heldt fram med visdomstalen sin og sa:
2Gjev eg hadde det som i farne dagar,
då Gud verna om meg,
3då hans lampe lyste over mitt hovud,
og eg gjekk gjennom mørkret i hans ljos,
4som eg hadde det då eg var ung,
då Guds venskap kvilte over mitt telt,
5då Den Allmektige endå var med meg,
og eg hadde mine søner ikring meg,
6då eg kunne lauga mine føter i mjølk,
og bekker av olje rann ned frå berget.
7Når eg gjekk ut til byporten
og tok sete på torget,
8då drog dei unge seg tilbake
så snart dei fekk auga på meg,
og dei gamle reiste seg og stod.
9Hovdingar heldt opp med å tala
og la handa på sin munn.
10Stormenn tagna,
tunga deira hang fast ved ganen.
11Alle som høyrde om meg,
prisa meg sæl,
og kvar den som såg meg,
gav meg lovord.
12Eg berga armingen som ropa om hjelp,
den farlause som ingen hjelpar hadde.
13Forkomne menneske velsigna meg,
eg gjorde enkjer jublande glade.
14Eg kledde meg i rettferd, ho var min klednad,
rettferdig dom var mi kappe og min turban.
15Augo var eg for dei blinde
og føter for dei halte.
16Eg var ein far for dei fattige
og granska saker for folk eg ikkje kjende.
17Eg knuste kjaken på nidingar
og reiv rovet ut or gapet på dei.
18Eg tenkte då: «Eg skal få døy i mitt reir,
mine dagar skal verta talrike som sandkorn.
19Til mine røter skal vatn finna veg,
og dogg skal falla på mine greiner.
20Støtt skal mi ære fornyast for meg
og bogen få ny kraft i mi hand.»
21Folk høyrde på meg, dei venta
og var stille når eg gav råd.
22Og når eg hadde tala,
tok ingen ordet;
min tale draup ned over dei.
23Dei venta på mine ord som på regn,
dei opna munnen som for vårregn.
24Var dei motlause, smilte eg til dei;
stråla mitt andlet, var ingen sorgfull.
25Eg valde veg for dei; eg sat øvst og trona
som ein konge mellom sine stridsmenn,
lik ein som trøystar dei som syrgjer.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.