1Jotam var tjuefem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år. Mor hans heitte Jerusja og var dotter til Sadok.
3Det var Jotam som bygde Øvre-porten i Herrens hus, og han arbeidde mykje på Ofel-muren.
4Han bygde byar i Juda-fjella og sette opp borger og tårn i skogane. 26,10
5Han førte krig mot ammonittane og kongen deira og vann over dei. Ammonittane laut gje han hundre talentar sølv, ti tusen kor kveite og ti tusen kor bygg det året. Det same laut dei gje han andre og tredje året.
6Såleis vann Jotam stor makt, fordi han støtt ferdast for Herren sin Guds åsyn.
7Det som elles er å seia om Jotam, om alle krigane hans og alt han tok seg føre, det står skrive i boka om Israels- og Juda-kongane.
8Han var tjuefem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år.
9Jotam gjekk til kvile hjå fedrane sine. Dei gravla han i Davids-byen, og Akas, son hans, vart konge etter han.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.