Forkynnaren 5 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Ver ikkje for snar med munnen,

og lat ikkje hjarta forhasta seg

når du vil tala eit ord for Guds åsyn.

For Gud er i himmelen og du på jorda,

lat difor orda dine vera få!

2Med hardt slit fylgjer draumar

og med mange ord dumt snakk.

3Når du gjev Gud ein lovnad,

så dryg ikkje med å halda han.

For Gud bryr seg ikkje om dårar.

Gjer det du lovar!

4Det er betre at du inkje lovar,

enn at du lovar og ikkje held ord.

5Lat ikkje munnen føra skuld over deg,

og sei ikkje til Guds sendebod:

«Eg gjorde det av vanvare.»

Kvifor vil du harma Gud med det du seier,

så han øydelegg det du har gjort?

6Med mange draumar og mange ord

fylgjer mykje fåfengd.

Men du skal ha age for Gud.

Rikdom kan verta til ulukke

7Ser du at fattigfolk vert trælka,

at rett og rettferd krenkjest i landet,

så undrast ikkje over det!

Éi styremakt vaktar på den andre,

og over dei begge står ein som er høgare.

8Det er alltid ein føremon

at landet har ein konge

som syter for at jorda vert dyrka.

9Den som er glad i pengar,

får aldri nok av dei,

og den som elskar rikdom,

får aldri vinning nok.

Det òg er fåfengd.

10Når godset aukar,

skal fleire leva av det.

Og kva anna gagn har eigaren av det

enn at han får sjå det?

11Ein arbeidsmann kan sova godt

anten han har lite eller mykje å eta.

Den rike et seg mett,

men får ikkje ro til å sova.

12Det finst noko syrgjeleg vondt

som eg har sett under sola:

Rikdom som vel er gøymd,

kan verta til ulukke for eigaren.

13Går rikdomen tapt ved eit uhell,

og den rike har fått ein son,

vert det ingenting att til han.

14Så som han kom frå mors liv,

så naken som han kom, skal han gå bort.

Han har ingenting att for sitt strev,

ingen ting som han kan ta med seg.

15Det òg er syrgjeleg vondt:

Nett som han kom, må han gå herifrå.

Kva vinning har han då

av sitt strev og sitt jag etter vind?

16Ja, alle dagar

må han eta sitt brød i mørker,

sorgfull, sjuk og harm.

17Høyr no kva eg har funne:

Det likaste eit menneske kan gjera,

er å eta og drikka og ha det godt

midt i alt strev og slit under sola,

den korte tida Gud lèt det leva.

Det er den lut som mennesket har fått.

18Når Gud lèt ein mann få rikdom og gods

og gjev han lov til å nyta det,

så han kan ta sin del

og gleda seg midt i sitt strev,

då er det ei gåve frå Gud.

19Då tenkjer ikkje mannen mykje på sitt liv,

for Gud gjev han glede i hjarta.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help