Josva 1 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Josva vert leiar

1Då Moses, Herrens tenar, var død, sa Herren til medhjelparen hans, Josva Nunsson:

5Så lenge du lever, skal ingen kunna stå seg mot deg. Eg vil vera med deg, liksom eg var med Moses. Aldri skal eg sleppa deg og aldri forlata deg.

10Då gav Josva tilsynsmennene i folket dette påbodet:

12Til Rubens-sønene, Gads-sønene og halve Manasse-ætta sa Josva:

13«Kom i hug kva Moses, Herrens tenar, baud dykk då han sa: Herren dykkar Gud vil at de skal koma til ro; difor gjev han dykk dette landet.

16Då svara dei Josva: «Alt det du har sagt oss, skal vi gjera, og kvar du sender oss, skal vi gå.

17Liksom vi lydde Moses i alle ting, såleis vil vi lyda deg òg. Gjev Herren din Gud må vera med deg, liksom han var med Moses.

18Kvar den som set seg opp mot deg og ikkje lyder deg, kva du så byd han, han skal døy. Ver berre djerv og sterk!»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help