Jesaja 49 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Herrens tenar vitnar om kallet sitt

1Høyr på meg,

de øyar og strender,

lyd etter, de folk langt borte!

Frå mors liv har Herren kalla meg,

frå mors fang har han nemnt mitt namn.

2Han har gjort min munn til eit kvast sverd

og løynt meg i skuggen av si hand.

Han har gjort meg til ei kvass pil

og gøymt meg i sitt pilehus.

3Han sa til meg:

«Du er Israel, min tenar,

på deg vil eg syna min herlegdom.»

4Men eg sa:

«Til fåfengs har eg streva,

til unyttes har eg øydt mi kraft.

Min rett er likevel hjå Herren,

mi løn er hjå min Gud.»

5«Og no,» seier Herren,

som frå mors liv

har skapt meg til sin tenar,

til å føra Jakob attende til han

og samla Israel hjå han

– eg er gjæv i Herrens augo,

og min Gud har vorte min styrke,

6«det er for lite at du er min tenar

som skal reisa opp att Jakobs ætter

og føra heim att den frelste flokken av Israel.

Eg vil gjera deg til eit ljos for folkeslag,

så mi frelse kan nå til heimsens ende.» Heim frå fangenskapet

7Så seier Herren,

Israels utløysar, Israels Heilage,

til han som alle vanvørder og skyr,

til han som er træl under valdsherrar:

Kongar skal sjå det og reisa seg,

fyrstar skal kasta seg ned,

for Herrens skuld, han som er trufast,

for Israels Heilage, som valde deg ut.

8Så seier Herren:

I nådens tid bønhøyrer eg deg,

på frelsesdagen hjelper eg deg.

Eg har skapt deg

og gjort deg til ei pakt for folket.

Du skal atterreisa landet

og skifta ut odelsgrunn

som ligg aud og snau,

9og seia til fangane: «Gå ut!»

til dei som er i mørkret: «Kom fram!»

Langs vegane skal dei finna mat

og beite på alle snaue høgder.

10Dei skal ikkje svelta og ikkje tyrsta,

korkje sol eller hete skal skada dei.

For han som miskunnar dei,

skal føra dei og leia dei til vassrike kjelder.

11Eg gjer alle fjell til farande veg,

mine kongsvegar skal byggjast høgare.

12Sjå, langt bortanfrå kjem dei,

somme frå nord og somme frå vest

og somme frå Sinim-landet.

13Jubla, du himmel, og fegnast, du jord!

Set i med glederop, de fjell!

For Herren trøystar sitt folk,

han viser miskunn mot sine armingar. Herren gløymer ikkje Sion

14Men Sion seier:

«Herren har forlate meg,

min Gud har gløymt meg.»

15Gløymer vel ei kvinne brystbarnet sitt,

har ho ikkje medkjensle med den son ho fødde?

Og om ei mor kan gløyma,

så gløymer ikkje eg deg.

16Sjå, eg har teikna deg i mine hender,

dine murar har eg alltid for auga.

17Dei som skal byggja deg, skundar seg hit,

og dei som reiv ned og la deg i øyde,

fer bort ifrå deg.

18Lyft augo og sjå deg ikring!

Dei samlar seg alle og kjem til deg.

Så sant eg lever, lyder ordet frå Herren,

du skal ta dei på deg som eit smykke,

og binda dei om deg som eit brurebelte.

19No vert det for trongt for deg,

det aude og snaue og øydelagde landet.

Og borte er dei som ville tyna deg.

20Dei born du fekk då du var barnlaus,

skal endå ein gong seia til deg:

«Denne staden er meg for trong.

Flytt deg, så eg kan få bu her!»

21Då skal du tenkja med deg:

«Kven har født meg desse?

Eg var barnlaus og ufør til å føda,

landlyst og bortdriven.

Kven har fostra desse?

Eg sat einsam att.

Kvar kjem desse frå?»

22Så seier Herren vår Gud:

Sjå, eg lyfter mi hand til teikn for folkeslag

og reiser mitt merke for folka.

Så kjem dei med sønene dine i armen,

og døtrene dine ber dei på aksla.

23Kongar skal vera fosterfedrar for deg

og deira dronningar barnfostrer.

Dei skal kasta seg til jorda for deg

og slikka støvet for dine føter.

Då skal du skjøna at eg er Herren,

og at dei som set si von til meg,

ikkje skal verta til skammar.

24Kan nokon ta hærfang frå ein krigar,

kan fangar sleppa frå ein valdsmann?

25Ja, så seier Herren:

Fangar skal takast frå krigaren,

og hærfang skal bergast frå valdsmannen.

Eg vil strida mot dei som strider mot deg,

og borna dine vil eg frelsa.

26Eg lèt dei som trælka deg,

eta sitt eige kjøt

og drikka sitt blod som druesaft.

Og alle menneske skal skjøna

at eg er Herren, din frelsar,

Jakobs Veldige, din utløysar.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help