Ester 5 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Gjestebodet åt dronning Ester

1Tredje dagen kledde Ester seg i sitt dronningskrud og steig inn i den indre kongsgarden, midt framfor kongshalla. Kongen sat på kongsstolen i halla, midt imot inngangen til salen.

2Då han fekk sjå dronning Ester der ho stod ute i garden, tykte han vel om henne. Han rette gullstaven, som han hadde i handa, ut mot henne, og Ester gjekk fram og tok i enden av staven. 4,11

3Då sa kongen til henne: «Kva har du på hjarta, dronning Ester? Er det noko du ynskjer? Om det så er halve riket, skal du få det.» Mark 6,22ff

4Ester svara: «Om du så synest, herre konge, ville eg gjerne at du og Haman i dag skulle koma til det gjestebodet eg har stelt til for deg.»

5Då sa kongen: «Skunda dykk og henta Haman, så Ester kan få ynsket sitt oppfylt.»

Så kom kongen og Haman til gjestebodet som Ester hadde stelt til.

6Medan dei sat og drakk vin, sa kongen til Ester: «Er det noko du vil be om, skal det gjevast deg. Er det noko du ynskjer, skal du få det, om det så er halve kongeriket.»

7Ester svara: «Det eg ynskjer og bed om, er dette:

8Har kongen godvilje for meg, og vil kongen gje meg det eg bed om, og gjera det eg ynskjer, så må kongen og Haman koma til det gjestebodet eg vil stella til for dei. I morgon skal eg då gjera som kongen seier.»

Haman vil drepa Mordekai

9Den dagen gjekk Haman glad og fjåg derifrå. Men då han fekk sjå at Mordekai, som sat i slottsporten, korkje reiste seg eller viste han vørdnad, vart han brennande harm på Mordekai. 3,2

10Men han styrte seg og gjekk heim. Så sende han bod etter venene sine og Seresj, kona si.

11Og han la ut for dei om den store rikdomen sin og alle sønene sine, og korleis kongen hadde gjort han mektig og sett han over dei andre stormennene og embetsmennene åt kongen. 3,1; 9,10

12Og han la til: «Eg var jamvel den einaste som dronning Ester lét få koma med kongen til det gjestebodet ho hadde stelt til. I morgon òg er eg beden til henne i lag med kongen.

13Men alt dette er ikkje nok for meg så lenge eg må sjå Mordekai, jøden, sitja i slottsporten.»

14Då sa dei til han, både Seresj, kona hans, og alle venene hans: «Lat dei laga ein galge som er femti alner høg, og i morgon skal du be kongen at Mordekai vert hengd i den. Så kan du gå glad med kongen til gjestebodet.» Haman tykte dette var eit godt råd, og han fekk galgen laga.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help