1. Mosebok 43 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Og då dei hadde brukt opp det kornet dei henta i Egypt, sa Jakob til sønene sine: «Far av stad att og kjøp litt korn til oss!»

2Men Juda svara: «Mannen sa med reine ord: Eg vil ikkje sjå dykk for augo mine utan at bror dykkar er med.

11Og ta dobbelt så mange pengar med dykk, så de kan ha med tilbake dei pengane de fekk att, dei som låg øvst i sekkene! Kanskje det var eit mistak.

12Ta så bror dykkar, gjer dykk ferdige og far attende til mannen!

13Gjev Gud Den Allmektige må la dykk møta godvilje hjå mannen, så han sender med dykk Benjamin og den andre bror dykkar. Men skal eg vera barnlaus, så får eg vera det!»

14Så tok mennene med seg desse gåvene og dobbelt så mange pengar – og Benjamin. Dei gjorde seg ferdige og fór til Egypt, der dei steig fram for Josef.

15Då Josef såg at Benjamin var med dei, sa han til hushaldaren sin: «Bed desse mennene inn! Slakta og stell til, for dei skal eta middag med meg!»

16Mannen gjorde som Josef sa. Han bad dei med inn i huset åt Josef.

17Men då dei skulle gå inn, vart dei redde og tenkte: «Det er vel for dei pengane som låg att i sekkene våre førre gongen, at vi skal hit inn. Dei vil ryka på oss, kasta seg over oss, gjera oss til trælar og ta esla våre.»

18Så gjekk dei bort til hushaldaren hans Josef og tala med han i husdøra.

19«Høyr her, herre,» sa dei, «du veit vi har vore her ein gong før og kjøpt korn.

20Men då vi kom til den staden der vi skulle vera natta over, og opna sekkene våre, fann kvar av oss pengane øvst i sekken. Det var våre eigne pengar, og dei låg der, alle saman. No har vi dei med oss hit att.

21Men vi har med oss andre pengar òg til å kjøpa korn for. Vi veit ikkje kven som hadde lagt pengane i sekkene våre.»

22Då sa han: «Ta det med ro, ver ikkje redde! Han som er Gud både for dykk og far dykkar, har gjeve dykk ein skatt i sekkene. Dei pengane de hadde med, har eg fått.» Så henta han Simeon ut til dei.

23Sidan fylgde mannen dei inn i huset åt Josef. Han gav dei vatn så dei fekk vaska føtene, og lét dei få fôr til esla.

24Så la dei gåvene til rettes, medan dei venta på at Josef skulle koma heim til middag. For dei hadde høyrt at dei skulle eta der. 43,11

25Då Josef kom, bar dei inn til han gåvene dei hadde med seg, og kasta seg til jorda for han.

26Han spurde korleis dei levde, og sa: «Står det bra til med den gamle far dykkar, som de tala om? Lever han enno?»

27«Ja,» svara dei, «det står bra til med far vår, tenaren din. Han lever enno.» Så bøygde dei seg og kasta seg ned for han.

28Då fekk han auga på Benjamin, heilbror sin, og sa: «Er dette yngste bror dykkar, som de tala til meg om? Gud signe deg, guten min!»

29Og Josef skunda seg bort; for kjærleiken til broren loga opp i han, så han laut få gråta. Og han gjekk inn i kammeret sitt og gret.

30Så vaska han seg i andletet og gjekk ut att. Han gjorde seg hard og sa: «Set fram maten!»

31Då sette dei fram på serskilde bord – for han og for brørne og for egyptarane som åt hjå han. For egyptarar kan ikkje eta i lag med hebrearar; det held dei for ein styggedom. 46,34; 2 Mos 8,26

32Brørne fekk sitja midt for han. Dei vart sessa etter alderen, den eldste øvst og den yngste nedst. Då såg dei på kvarandre og undrast.

33Så delte han ut til dei av rettene på sitt eige bord, og Benjamin fekk fem gonger så mykje som kvar av dei andre. Og dei drakk med han og kom i godlag.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help